Tyskarbrakke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Tyskarbrakke er ei nemning som folk flest nytta og nytter om dei brakkene som vart bygde i Noreg for den tyske okkupasjonsmakta si rekning under den andre verdskrigen. Brakkane kunne vere meint for å hyse tyske soldatar i militærleirar, eller utanlandske krigsfangar og norske politiske fangar i ulike fangeleirar, men òg verte sett opp andre stader der det var trong for husrom eller kontorlokale av ymse slag. Vanlegvis var det norske byggmeistrar og entreprenørfirma med norske tilsette som bygde brakkane, og dei kunne gjere etter måten gode pengar på denne verksemda. Dei mest aktive vart mellom folk flest omtalt i nedlatande ordelag for å vere «brakkebaronar».

Brakkane hadde ulik standard, alt etter føremålet med dei, og det er ei kjend sak at krigsfangar som var sett i arbeid med å byggje ut til dømes jarnbanelina Nordlandsbanen, budde i stor naud i leirane dei vart haldne fanga i. Men jamt over var kjenneteiknet ved tyskarbrakkane den enkle og uniformerte konstruksjonen, materialbruken og utsjånaden som gav dei eit sterkt preg av å vere bygningar av mellombels karakter. Dei var langstrekte, kjellarlause låge trehus i ei høgd, med saltak tekka av tjørepapp eller bylgjeblekk.

Mange av tyskarbrakkene vart likevel teke vare på etter krigen, då det skorta på det meste, ikkje minst på hus og husvære, og nytta i lange tider etterpå, ofte til andre føremål enn det dei var bygde for.