Tysso I

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Merge-arrows.svg
Det er føreslått at denne sida blir fletta med Tyssedal kraftanlegg. (Sjå eventuelt diskusjon)

Tysso I kraftstasjon ligg i Tyssedal. Første byggjetrinn var frå 1906 til 1908, og stasjonen var da i 1908 klar til å levera elektrisk energi til det fyrste smelteverket i Odda sentrum. Tysso I var eit av Europas fyrste høgtrykkskraftverk, fallhøgda frå fordelingsbassenget på Lilletopp og ned til Tysso I var på 410 meter.

Etter produksjonsstart i 1908 hadde dei fleire utbyggjingstrinn fram mot 1918, da kraftstasjonen stod heilt ferdig. Da var det på plass 5 røyrgater, og i alt 15 generatorar. Tysso I produserte på topp (1947) ti prosent av Noreg sin kraftproduksjon. Straumproduksjonen i Tysso I vart nedlagt i 1989, etter at eit røyrbrot i 1980 gjorde sitt til att ein berre fekk bruka ei av dei opphavlege 5 røyrgatene. Tysso I vart i år 2000 freda, og har gjennomført eit omfattande oppussingsprosjekt dei siste åra.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]