Freding

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fjellreven er ein freda art i Noreg. (Foto: Andreas Tille)

Freding er eit verkemiddel innan lovverket som er meint å ta vare på noko og verna det mot inngrep. Ein kan til dømes freda ein art, eit område, eit bygg eller særskilde ting. Føremålet med fredinga kan vera at ein vil ta vare på eit kulturminne, kulturlandskap, naturlandskap, eller at ein vil verna om ein særskild truga bestand av dyr eller plantar.

Freding av norske kulturminne[endre | endre wikiteksten]

Haug kyrkje på Ringerike er ei mellomalderkyrkje som automatisk er freda.(Foto: T. Bjørnstad)

Kulturminneloven fastset kva kulturminne som er freda i Noreg. Funn og funnstader frå førhistorisk tid og mellomalderen (fram til 1649) er automatisk freda. Det same gjeld samiske kulturminne som er eldre enn hundre år. Elles kan Miljøverndepartementet freda andre viktige kulturminne.

Freding inneber at ingen skal forandra, ta med seg eller på andre måtar forstyrra eit slikt kulturminne. Riksantikvaren har kontroll med freda kulturminne i Noreg.

Freding av norsk natur[endre | endre wikiteksten]

Rondane er freda som nasjonalpark. (Foto: Mats Svensson)

Naturvernloven styrer freding av viktige naturområde og truga artar. Direktoratet for naturforvalting står for styret av naturvernet.

Rundt 12,5 % av fastlandarealet i Noreg er verna etter naturvernloven. Område kan fredast på fem ulike måtar: Som naturreservat, nasjonalpark, landskap, naturminne eller biotop.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]