U.S. Capitol Police

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Merket til U.S. Capitol Police

U.S. Capitol Police (USCP) er ein amerikansk føderal politietat underlagt Kongressen. Oppgåva til etaten er å verna den føderale lovgivande styresmakta i USA.

Ein politibil som høyrer til U.S. Capitol Police

U.S. Capitol Police var oppretta i 1828 for å patruljera og verna kongressbygningen i Washington D.C., etter eit åtak på John Quincy Adams i Capitol-rotunden.[1] Mandatet er seinare vorte utvida til å sørgje for ei rekkje ulike politi- og sikkerheitenester for Kongressen og medlemmar, tilsette og vitjande. Tenestene vert utført via eit nettverk av fot- og bilpatruljar og stasjonære politiposter. Etaten hadde pr. 2004 1 700 tenestemenn og 572 sivilt tilsette.

I dag består hovudoppgåvene i å verna liv og eigedom, førebygga, oppdaga og undersøkja kriminell handling, og trafikkreglar i heile komplekset av kongressbygningar, parker og gjennomfartsvegar og verne kongressmedlemmar, kongresstilsette og familiane deira i USA.

Berre tre tenestemenn er vorte drepne i etaten si teneste. I 1984 vart sersjanten Christopher Eney drepen under trening, medan betjenten Jacob Chestnut og detektiven John Gibson vart skotne og drepne av ein mentalt forstyrra våpendesperado i 1998.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «United States Capitol Police». USAJOBS. Arkivert frå originalen 7. august 2007. Henta 19. august 2007. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]