John Quincy Adams

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
John Quincy Adams
John Quincy Adams.jpg
President i USA
Regjeringstid 4. mars 18254. mars 1829
Fødd 11. juli 1767 i Braintree i Massachusetts
Død 23. februar 1848 i Washington, D.C.
Føregjengar James Monroe
Gift med Louisa Catherine Johnson Adams
Born

John Quincy Adams (11. juli 176723. februar 1848) var ein amerikansk politikar. Han var den sjette presidenten i USA frå 1825 til 1829. J.Q. Adams var son av John Adams, som var den andre presidenten i USA. Før han vart president var han ambassadør i Russland og Storbritannia, og utanriksminister under James Monroe. I 1831 vart han vald inn i representantane sitt hus i Kongressen, til no den einaste presidenten som har vorte vald inn i kongressen etter tida som president.

Adams døydde brått etter eit hjerneslag han pådrog seg under ein politisk debatt i Representantanes hus i februar 1848. Det er sagt han var såpass ved vitet at han bad ordstyrar om orsaking for dette før han slokna.

Spire Denne historieartikkelen som har med USA å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.