Ufaelva
Ufa | |||
elv | |||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 53 100 km² | ||
Lengd | 918 km | ||
Middelvassføring | 388 m³/s | ||
Kjelde | Ufimskojesjøen i Sør-Uralозеро Уфимское в хребте Уралтау | ||
Munning | Belaja | ||
Ufaelva 55°31′45″N 60°07′04″E / 55.5292°N 60.1178°E | |||
Wikimedia Commons: Ufa River |
Ufa (russisk Уфа, basjkirsk Ҡариҙел, Qaridhel) er ei elv i Tsjeljabinsk oblast, Sverdlovsk oblast og Basjkortostan i Russland og ei av sideelvane til Belaja frå høgre i nedslagsfeltet til Volga.
Ho er 918 km lang med eit nedslagsfelt på 53 100 km².
Ho spring ut frå innsjøen Ufimskojeved Uraltauryggen i Uralfjella. Ho startar som ei fjellelv og renn i ein trong dal. I den midtre delen er det fleire stryk, medan den nedre delen er rolegare og svingete.
Elva har ei middelvassføring på 388 m³/s, men på det meste har det vorte målt 3740 m³/s og på det minste 55 m³/s.
Elva frys til i slutten av oktober eller tidleg i desember og vert isfri att i april eller tidleg i mai. Palovskaja vasskraftverk ligg ved elva.
Ved munningen av elva ligg byen Ufa.
Sideelvar
[endre | endre wikiteksten]Busetnader
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Уфа (река)» frå Wikipedia på russisk, den 17. oktober 2008.