Uffiziane
Utsjånad
| Uffiziane | |||
| | |||
| Adresse | Piazzale degli Uffizi 6, I-50122 Firenze | ||
|---|---|---|---|
| Stad | Firenze | ||
| Eigar | Ministry of Culture | ||
| Arkitekt | Giorgio Vasari, Bernardo Buontalenti, Alfonso Parigi | ||
| Opna | 1581 | ||
![]() Uffiziane 43°46′06″N 11°15′19″E / 43.768333333333°N 11.255277777778°E | |||
Uffiziane (av italiensk uffici, 'kontor') er eit bygningskompleks i Firenze, bygt i tida frå 1559 til ca. 1581 for å hyse departementa og embetskontora til bystaten Firenze. Arkitektar for bygningane var Giorgio Vasari, Bernardo Buontalenti og Alfonso Parigi den yngre.
Kunstverk som Medici-ætta hadde skaffa seg vart lagra i etasjen over kontoretasjane. Desse måleria og skulpturane danna grunnlaget for eit av dei eldste og mest berømte kunstmusea i verda. Samlingane består av eit rikt utval av italiensk og særleg florentisk målarkunst frå 1400- og 1500-talet, heilt opp til seinbarokken.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Uffizien» frå Wikipedia på tysk, den 16. april 2014.
