Ulla Procopé

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ulla Procopé
Ulla-Procope.jpg
Fødd 1921, 17. november 1921
Helsingfors
Død

1968 (46 år)
Tenerife

Yrke keramikar, designar
Ulla Procopé på Commons

Ulrika Eleonora Matilda Procopé-Nyman, kjend som Ulla Procopé (17. november 192121. desember 1968), var ein finsk formgjevar fødd i Helsingfors. Ho dreiv hovudsakleg med porselen, og var ei av dei viktigaste formgjevarane i den finske brukskunstindustrien.[1]

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

Procopé gjekk ut frå Taideteollinen keskuskoulu/Konstindustriella läroverket i Helsingfors i 1948.

Arbeid[endre | endre wikiteksten]

Ulla Procopé arbeidde ved Arabia frå 1948 til ho døydde i 1968. Ho var spesialist på brukskeramikk og ho formgav mange servise, både modellar og dekorar.

Servise og modellar[endre | endre wikiteksten]

Ruska kaffikoppar
Valencia-brikke

Eit utval

  • S-modellen:
    • Ruska, steingods med brun spettete glasur. Sett i produksjon i 1961 og var enno i produksjon i 1999. Ruska kaffikoppen er Arabias mest selde kaffikopp gjennom tidene. Ulla Procopé utarbeidde både modellen og glasuren.
    • Anemone, med handmåla blå blomedekor.
    • Rosmarin, med handmåla blomedekor i rustraudt og brunt.
  • Liekki, ein serie eldfaste kar og fat. Brunglasert steingods.
  • Tekanne modell GA, i to storleikar og med fleire glasurutføringar, mellom anna matt svart, matt brun og matt kvit.
  • Tekanne modell GD med sukker- og fløytesett, også den med tekanne i to storleikar, og med ulike glasurar:
    • Kaarna, matt brun.
    • Mahonki, blank brun.
    • Matt kvit.
  • Modellen ND
    • Valencia, handmåla koboltblå dekor på kvit botn. Serviset var i produksjon frå 1961 til 2002. Til 1979 vart det laga i fajanse, etterpå i kvitt steingods.
    • Purpuri-jenkka, ein annan handmåla Ulla Procopé dekor på ND-modellen.
Valencia-brikka er merka slik. Under ARABIA FINLAND står det UP/SJ, der UP står for Ulla Procopé og SJ er initialane til personen som har måla akkurat denne brikka.

Ho formgav også modellen til dei velkjende marmeladekrukkene modell FA som Raija Uosikkinen laga dekoren Pomona til. Ho fomgav også ei anna velkjend marmeladekrukke, modell AL med basthank. Den vart glasert i same glasurfargar som Kaj Francks Kiltaservise.

Samlingar ho er representert ved[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Autio, Veli-Matti (3.4.2006), «Procopé (1500-)», Suomen kansallisbiografia, s. 795-796 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Ulla Procopé