Ulrik Wiig

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ulrik Erik Grape Wiig (20. juli 18646. november 1938) var ein fiskar og politikar frå Kistrand i Finnmark som representerte einmannskrinsen Vestfinmarken og Det norske Arbeidarparti på stortinget 1916-18.

Wiig var son til ein handelsmann/faktor i Havøysund i Vest-Finnmark. Han arbeidde i forretninga faren dreiv til han i tida 1885-1910 dreiv fiske og gardsbruk på Vannholmen i Måsøy herad. Frå 1910 var han fiskar frå Gjesvær i same heradet. Gjennom om lag fire tiår var han takstmann vedkomande lån på segl- og motorbåtar i Hypotekbanken. Wiig var også medlem i heradsstyret i om lag 20 år. Hausten 1915 vart han vald til stortingsmann for Vestfinmarken og sat perioden 1916-18 i Protokollkomiteen.

Han er gravlagd i Bergen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]