Hopp til innhald

Havøysund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Havøysund
tettstad
Havøysund
Land  Noreg
Fylke Finnmark
Kommune Måsøy
Areal 0,63 km²
Folketal 917  (2024)
Folketettleik 1 456 / km²
Postnummer 9690 HAVØYSUND
Kart
Havøysund
70°59′46″N 24°39′43″E / 70.996111111111°N 24.661944444444°E / 70.996111111111; 24.661944444444
Wikimedia Commons: Havøysund

Havøysund (nordsamisk Ávanuorri) er ein tettstad som er kommunesenter i Måsøy kommune, nord i Finnmark. Fiskeværet ligg på Havøya på den nordlegaste breiddegraden i Finnmark, «71 gradar nord». Tettstaden hadde 976 innbyggjarar i 2017.[1]

I 1944 vart all busetnad i Havøysund rasert av dei attendetrekkjande tyske troppane. Staden voks likevel til etter andre verdskrigen.[2]

Havøysund kyrkje frå 1961 er ei langkyrke i armert betong.[2]

Næringsliv

[endre | endre wikiteksten]

Havøysund er eit fiskevær der den viktigaste næringsvegen er fiske, med to store fiskeindustribedriftar og det nordlegaste klippfisketørkeriet i Noreg.

Norsk Hydro har bygd ein vindmøllepark på Havøya som ligg nordvest for tettstaden. Parken har vorte eit landemerke for sjøfarande, og er den nordlegaste i verda med 16 einingar. Vindmøllene ligg på Gavlen, kor utkikkspunktet Arctic View gjer utsikt ut i Barentshavet, og til det arktiske øyriket omkring.

Havøysund har hatt brusamband med fastlandet over Havøysundbrua sidan 18. august 1986, då ho blei offisielt opna av kong Olav V. I 2012 vart riksveg 889, mellom Kokelv og Havøysund, ein nasjonal turistveg (fylkesveg 889). Næraste flyplass er Lakselv, med busssambinding til Havøysund via Olderfjord. Staden har sør- og nordgåande hurtigrutesamband om morgonen kvar dag, mellom Honningsvåg og Hammerfest.

  1. Statistisk sentralbyrå (1 January 2017). «Urban settlements. Population and area, by municipality».
  2. 1 2 Askheim, Svein (30. desember 2019). «Havøysund». Store norske leksikon (på norsk bokmål).