Umbukta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Koordinatar: 66°08′55″N 14°34′04″E Umbukta er den norske delen av innsjøen Uman (eller Överuman på svensk) i Rana kommune i Nordland fylke. Han er ei bukt som strekkjer seg rundt fire kilometer nordover frå riksgrensa. E12 følgjer austsida av innsjøen. Området rundt sjøen er mykje brukt som friluftsområde for folkesetnaden i Ranaområdet.

Umbukta fjellstove[endre | endre wikiteksten]

Ved nordenden av sjøen, ein kilometer sør for Umskartunnelen, ligg Umbukta fjellstove. Som fjellstove har ho vore i bruk sidan 1873, men det tilhøyrande gardsbruket vart rydda allereie på 1830-talet. Fjellstova var eit viktig stoppestad for bønder og jegerar som skulle frå Lappland til og frå Mo i Rana med sine handelsvarer. Under andre verdskrigen vart fjellstova inntatt av tyskarane, som brukte han som grensestasjon. Gardsdrifta vart lagt ned i 1973 og fjellstova overteke av Rana kommune, men drifta vart lagt ned på 1980-talet. Etter tusenårsskiftet er fjellstova vorte overteke av private og restaurert, og han blir i dag drive som serverings- og overnattingsstad. Folk får òg ha campingvognane og bubilane sine her, mot betaling.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]