Universismen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 12. juni 2009 kl. 19:00 av Olve Utne (diskusjon | bidrag)

Universismen er namnet på eit påbyrja, men ufullførd filosofisk bokverk av Vidkun Quisling.

Quisling hadde arbeidd med verket i over tretti år og let etter seg kring 800 sider tekst då han vart avretta i oktober 1945. Han hadde planlagt at verket skulle ha tre bind og det skulle omhandle ei mengd ulike tema.[1]

I 2006 vart det gjeve ut ei redigert utgåve av manuskriptet på Juritzen forlag. Utgåva var redigert av Arve Juritzen og Anne Kristin Strøm.[1]

Professor Else M. Barth, som har forska på det filosofiske innhaldet i Quisling-manuskriptet og utgjeve boka Gud, det er meg om emnet, omtala det ufullførde verket slik: «Ellers er han absolutt ikke original. Det meste av det han sier, har han lånt her og der og gjentar det i svulmende ordelag. Tittelen på boken, Gud, det er meg, er et sitat.»[2]

Referansar