Universitetet i Kairo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Universitetet i Kairo
CairoUniv.jpg
Grunnlagt21. desember 1908
TypeUniversitet
StadKairo
StudentarCa. 257 000 (2009/2010).
  • 246 825 bachelorstudentar
  • 8428 mastergradstudentar
  • 1947 doktorgradstudentar[1]
Tilsette11 545 (undervisingstilsette, 2009-2010)[2]
Nettstadwww.cu.edu.eg

Universitetet i Kairo (arabisk جامعة القاهرة, engelsk Cairo University, tidlegare Egyptian University og Fuad University) er eit institutt for høgare utdanning i Giza ved Kairo i Egypt. Universitetet blei danna i 1908, då Egypt var under britisk kolonistyre. Universitetet i Kairo var inspirert av europeiske universitet, som mange utdanna egyptarar no hadde vitja. Det var dermed ein motsats til tradisjonelle religiøse instutusjonar som Al-Azharuniversitetet, og blei ein modell for statlege universitet i regionen.

Universitetet er i dag (2013) delt inn i 27 fakultet eller institutt. Det undervises mellom anna i medisin, farmakologi, veterinærmedisin, ingeniørkunst, jordbruk, statsvitskap, arkeologi, økonomi, juss, naturvitskap og humaniora.

Nokre kjende studentar ved universitetet har vore egyptiske Boutros Boutros-Ghali, palestinske Yassir Arafat og irakiske Saddam Hussein.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]