Unsung Heroes av Dixie Dregs
Utsjånad
| Unsung Heroes Studioalbum av Dregs | ||
| Utgjeve | 1981 | |
| Sjanger | Jazz fusion | |
| Lengd | 37:22 | |
| Selskap | Arista | |
| Produsent | Steve Morse | |
| Dregs-kronologi | ||
|---|---|---|
| Dregs of the Earth (1980) |
Unsung Heroes | Industry Standard (1982)
|
| Meldingar | |
|---|---|
| Karakter | |
| Kjelde | Karakter |
| Allmusic | |
| The Rolling Stone Jazz Record Guide | |
Unsung Heroes er det sjette studioalbumet til den amerikanske jazzfusion-gruppa Dixie Dregs, gjeve ut i 1981.[1]
Det vart nominert til Grammyprisen for beste rockeinstrumental.[3]
Heile albumet er skrive og produsert av Steve Morse, og som alle dei tidlegare albuma deira er det heilt instrumentalt. Som på tidlegare album inkluderer jazzfusion-stilen deira òg element av country, som på «I'll Just Pick». Tittelen på «Day 444», ein lengre, melodisk komposisjon, syner til dagen då ei rekkje amerikanske gislar i Iran vart sleppte fri. «Go for Baroque» er eit heilt akustisk stykke i barokk stil.[1]
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Alle spor er skrivne av Steve Morse.
| Nr. | Tittel | Lengd |
|---|---|---|
| 1. | «Cruise Control» | 3:44 |
| 2. | «Divided We Stand» | 5:00 |
| 3. | «I'll Just Pick» | 3:27 |
| 4. | «Day 444» | 7:02 |
| Nr. | Tittel | Lengd |
|---|---|---|
| 5. | «Rock and Roll Park» | 4:35 |
| 6. | «Attila the Hun» | 4:01 |
| 7. | «Kat Food» | 4:58 |
| 8. | «Go for Baroque» | 3:56 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Steve Morse – akustisk og elektrisk gitar
- Andy West – vanleg bassgitar og bandlaus bass
- Allen Sloan – elektrisk og akustisk 5-strengs fiolin
- Rod Morgenstein – trommer og perkusjon
- T Lavitz – akustisk og elektrisk piano, orgel, synthesizer, clavinet, saksofon
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Unsung Heroes av Dixie Dregs» frå Wikipedia på engelsk, den 12. desember 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- 1 2 3 Valdivia, Victor W. (2011). «Unsung Heroes - The Dregs | AllMusic». allmusic.com. Henta 12. desember 2020.
- ↑ Swenson, J., red. (1985). The Rolling Stone Jazz Record Guide. USA: Random House/Rolling Stone. s. 62. ISBN 0-394-72643-X.
- ↑ «DIXIE DREGS Unsung Heroes music reviews and MP3». www.progarchives.com. Henta 12. desember 2020.