Mark O'Connor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Mark O'Connor
Mark O'Connor, bluegrass musician on stage at Cambridge Folk Festival, 1985.jpg
Fødd5. august 1961 (58 år)
FødestadSeattle
OpphavSeattle i USA
Aktiv1974 til i dag
SjangerKlassisk musikk, folkemusikk, jazz, country, pop, bluegrass, oldtime
InstrumentFiolin, fele, mandolin, mandola, gitar
Tilknytte artistarThe New Nashville Cats, Hot Swing, Appalachia Waltz, Strength in Numbers, Dregs, Stephane Grappelli, American String Celebration, Yo-Yo Ma, James Taylor
PlateselskapRounder, Warner Bros., Sony Classical, OMAC
Verka somFiolinist, komponist, pedagog

Mark O'Connor (fødd 5. august 1961)[1] er ein USA-amerikansk klassisk, bluegrass-, jazz- og countryfiolinist, komponist og musikklærar. Musikken til O'Connor strekkjer seg breitt og er kritikarrost, og han har motteke mange prisar både som musikar og komponist. Som tenåring vann han ein nasjonal strykeinstrumentkonkurranse for den virtuose spelinga si på gitar og mandolin i tillegg til fela. Lærarane hans var mellom anna felespelaraen Benny Thomasson[2] som lærte O'Connor å spele fele som tenåring, den franske jazzfiolinisten Stéphane Grappelli[3] som O'Connor turnerte med som tenåring, og gitaristen Chet Atkins.[4]

O'Connor er ein særs allsidig fiolinst og komponist som har hatt stor suksess innan både country, bluegrass, jazz, klassisk musikk og tverrmusikalske prosjekt.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Han byrja å vinne felekonkurransar som tenåring, og ønskte ein karriere innan musikk. Han studerte under populære fiolinistar som jazzfiolinsten Stéphane Grappelli og felespelaren Benny Thomasson frå Texas, og dette førte til at han fekk turnere med Grappelli, mellom anna ein konsert i Carnegie Hall, før han var 21 år gammal. Han flytta til Nashville i 1983, men det tok han to år før han vart lagt merke til, då the Nitty Gritty Dirt Band hyra han inn til å spele på hitsingelen deira «High Horse».

O'Connor vart brått ein ettertrakta studioartist, og deltok på over 450 album med artistar som Emmylou Harris, Linda Ronstadt, Dolly Parton, Clint Black, Jimmy Buffett og Randy Travis. Han vart eit medlem av gruppene Strength in Numbers, the Dixie Dregs, og the Dregs, og byrja å lage sine eigne album. Kring 1990 slutta han som studiomusikar og byrja å konsentrere seg om sin eigen musikk.[5]

Musikken hans vart stadig meir sofistikert og nytta meir og meir element frå musikk annan enn country, bluegrass og folk, og retta seg meir inn mot klassiske formlar og harmoniar. Det første albumet hans på Sony Classical, Appalachia Waltz, med cellisten Yo-Yo Ma og den allsidige, jazz-orienterte bassisten Edgar Meyer, vart ein stor tverrmusikalsk hit som imponerte klassiske kritikarar med orginaliteten sin. Sidan den gong har O'Connor blitt ein sterkare komponist og fått auka respekt hos forskjellige publikum, i tillegg til eit par Grammy-prisar.[5]

Solokonsertane og orkesterverka hans vert ofte framført av orkester i heile USA, medan verka for kammerorkester stadig får større publikum.[5] Måte han spelar på, først publisert i 2009, har vorte ein av dei mest populære opplæringsseriane som finst for fiolin.[5] O'Connor spelar med sine eigne ensemble, i tillegg til vener, både på scenen og på album, som i 2004 med albumet Crossing Bridges i lag med hans Appalachian Waltz Trio og Double Concerto med Nadja Salerno-Sonnenberg i 2005 og Hot Swing Trio Live in New York. [5]

Komposisjonar[endre | endre wikiteksten]

Fullt orkester

  • Queen Anne's Revenge - overtyre for symfoniorkester - 7 min
  • Improvisert fiolinkonsert for fiolin og orkester - 40 min
  • Olympic Harvest - overtyre for symfoniorkester - 6 min
  • Americana Symphony «Variations on Appalachia Waltz» for symfoniorkester - 34 min
  • Triple Concerto «March of the Gypsy Fiddler» for fiolin, cello, piano og orkester - 26 min
  • Double Concerto «For the Heroes» for fiolin, cello and symfoniorkester - 35 min
  • Concerto No. 6 «Old Brass» for fiolin og orkester - 35 min
  • Double Fiolin Concerto for to fiolinar og symfoniorkester - 32 min
  • Three Pieces for Orchestra for symfoniorkester:
I. Call of the Mockingbird - 20 min
II. Trail of Tears - 16 min
III. Fanfare for the Volunteer - 20 min
  • Johnny Appleseed Suite - 18 min
  • The Fiddle Concerto for fiolin og orkester - 40 min

Strykeorkester

  • Elevations for strykeorkester - 25 min
  • The Fallen for fløyte og strykeorkester - 20 min
  • Harmony for fiolin and strykeorkester - 11 min
  • American Seasons (Seasons of an American Life) for fiolin og orkester - 35 min
  • Surrender The Sword for fiolin og strykeorkester - 10 min
  • Song Of The Liberty Bell for fiolin and strykeorkester - 7 min

Strykekvartet

  • String Quartet No. 3 «Old-Time» - 25 min (2007)
  • String Quartet No. 2 «Bluegrass» - 36 min (2005)
  • String Quartet No. 1 (med kontrabass) - 30 min (1990; revidert i 2006 for to fiolinar, bratsj og cello)

Pianotrio

  • Piano Trio No. 2 «Strange Rims» - 25 min
  • Åiano Trio No. 1 «Poets And Prophets» - 35 min
  • Fiddle Sonata for pianotrio - 20 min
  • Miniatures for pianotrio - 5 min

Stryketrio

  • In The Summertime - 7 min
  • Musicopia - 7 min
  • Blackberry Mull - 9 min
  • Poem - 7 min
  • Vistas - 10 min
  • Caprice For Three - 4 min
  • Butterfly’s Day Out - 5 min
  • Misty Moonlight Waltz - 4 min
  • Emily’s Reel - 5 min
  • Old Country Fairy Tale - 9 min

Duo

  • Strings & Threads Suite for fiolin og gitar - 18 min
  • When Bidden To The Wake Or Fair for fiolin og cello - 5 min
  • Brave Wolfe for trompet og fiolin - 5 min
  • F.C.'s Jig - for fiolin og cello - 4 min

Solo

  • Appalachia Waltz (fiolin/cello) - 7 min
  • Caprices No.'s 1 - 6 - 24 min
  • Strings & Threads Suite for fiolin - 17 min
  • Bonaparte's Retreat Variations - 7 min

Jazz Ensemble

Anniversary, M&W Rag, Stephane and Django, Fiddler Going Home, Gypsy Fantastic, Funky Swing, In The Cluster Blues, Pickles On The Elbow, Swingin’ On The Ville, Sweet Suzanne, In Full Swing.

Forskjellige insstrumentalar (Fele/Bluegrass/Newgrass/Contemporary)

A Bowl of Bula, Across the Ohio Frontier, Beserkley, Bow Tie, Captain's Jig, Cat in the Bag, Changing the Guard, Come Ride With Me, Conversation with a Friend, Cool Winds, Cotton Pickin' Blues, Court Suite, Dance of the Ol' Swamp Rat, Disco Fiddle, Rampsody, Druid Fluid, Ease with the Breeze, Fair Dancer Reel, False Dawn, Fancy Stops and Goes, Flailing, Flight Home, Floating Bridge of Dreams, Fluid Drive, Folktunes, Follow the Scout, From Panama to El Pichincha, Future Man, Get Set, Go, Granny White Special, Hear the Sun Shadows Dance, Hot Tamale, Idle Rain, Improvisations Nos. 1, 2, 3, 4, Inns of Granny White, Inside the Stillness, Into the Walls of Mandoness, Irish Maiden, Johnny's Apple Pie, Light the Fire, Macedonia,. mars of the Pharaohs, Markology, Mark's Ark, Mark's Waltz, Midnight Interlude, My Celebration, Nashville Shuffle Boogie, New Lifetimes, October Impressions, Off to Sea Olympic Reel, On a June Day, One Winter's Night, Pacific Expectations, Pick it Apart, Pickin Parlor Rag, Pickin' in the Wind, Pilgrim's Waltz, Point of Crossing, Queen of the Cumberland, Rampology, Remember Ireland, River Out Back, Road to Appalachia, Rose Among Thorns, Sailor's Jig, Send Rainbows, Shine On, Slopes, Soft Gyrations, Stone from Which the Arch Was Made, Swept Away by Tides, Swing 11:11, Texas Dance Hall Blues, Thai Wat Sai, Thanks and Goodbyes, The Cricket Dance, The Dark Rain, The Emperor's Komponist, The Life and Times of Johnny Appleseed, The Robotic Muso, Three Angel Brides, Through the Lives, Outside the Landscape, Traveler's Ridge, Tubular Explosions, We're Surrounded, When We Talk.

Vokal

  • Folk Mass for kor - 40 min
  • Let Us Move for kor - 15 min

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

År Album Listeplassering Plateselskap
US Classical Crossover US Classical US Jazz US Country US Heat US Bluegrass US Indie
1974 National Junior Fiddling Champion Rounder
1976 Pickin' in the Wind
1978 Markology
1979 On the Rampage
Soppin' the Gravy
1982 False Dawn
1982 Industry Standard (med Dixie Dregs) Arista
1985 Meanings Of Warner
1986 Stone from Which the Arch Was Made
1988 Elysian Forest
1989 The Championship Years CMF
On the Mark Warner
1990 Retrospective Rounder
1991 The New Nashville Cats 44 14 Warner
1992 Johnny Appleseed Rabbit Ears
1993 Heroes 46 14 Warner
The Night Before Christmas Rabbit Ears
1994 The Fiddle Concerto 6 Warner
1996 Appalachia Waltz (med Yo-Yo Ma og Edgar Meyer) Sony
1997 Liberty! 8
1998 Midnight on the Water 5
1999 Fanfare for the Volunteer
2000 Appalachian Journey (med Yo-Yo Ma og Edgar Meyer)
2001 The American Seasons
Hot Swing! OMAC
2003 Thirty-Year Retrospective
Hot Swing Trio: In Full Swing 4 Sony
2004 Crossing Bridges 19 OMAC
2005 Hot Swing Trio: Live in New York
Double Fiolin Concerto
2006 Folk Mass
2007 The Essential Mark O'Connor Sony
2008 Americana Symphony OMAC
2009 String Quartets No. 2 & 3
2010 Jam Session
2011 An Appalachian Christmas 9 5 3 39
2012 American Classics OMAC

Singlar[endre | endre wikiteksten]

År Song Listeplassering Album
US Country[6] CAN Country
1991 «Restless»
(med Vince Gill, Steve Wariner og Ricky Skaggs)
25 19 The New Nashville Cats
1992 «Now It Belongs to You» (med Steve Wariner) 71 62
1994 «The Devil Comes Back to Georgia»
(med Charlie Daniels, Travis Tritt, Marty Stuart og Johnny Cash)
54 Heroes

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Mark O'Connor Biography». CMT. 
  2. «Mark O'Connor: On Learning, Playing, and Teaching Strings, American-style by Peter Anick». Fiddle Magazine, 21. august 2010. 
  3. «Mark O'Connor Hot Swing on Mountain Stage». NPR. 
  4. «Chet Atkins and Mark O'Connor by Tod Redmond». Mister Guitar. 
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 5,4 Mark O'Connor - på Allmusic
  6. Whitburn, Joel (2008). Hot Country Songs 1944 to 2008. Record Research, Inc. s. 304. ISBN 0-89820-177-2. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]