Hopp til innhald

Urjupinsk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Urjupinsk
Урюпинск
by
Land  Russland
Føderasjonssubjekt Volgograd oblast
Areal 39,32 km²
Folketal 36 669 (2021)
Grunnlagd 1618
   Bystatus 1929
Retningsnummer +7 84442
Kart
Urjupinsk
50°48′00″N 42°01′00″E / 50.8°N 42.016666666667°E / 50.8; 42.016666666667
Wikimedia Commons: Uryupinsk

Urjupinsk (russisk Урю́пинск) er ein by i Volgograd oblast i Russland med om lag 35 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Khopjor, rundt 300 km nordvest for Volgograd.

Rådhuset i Urjupinsk
Geitemonument

Busetnaden oppstod som ein grensepost for fyrstedømet Rjazan på 1300-talet I 1618 vart staden folkesett av donkosakkar. Namnet vart endra til Urjupinsk samstundes med at byen fekk bystatus i 1929.

Økonomi og industri

[endre | endre wikiteksten]

Urjupinsk er eit industrisenter med tungindustri som jordbruksmaskinar (innhaustingsmaskinar), lasteutstyr (det ligg ein stor kranfabrikk her) og ein papirfabrikk. Byen har òg verksemder innan lettindustri som tekstil, sko og møblar.

Byen er sentrum i eit stort område for geitehald og produksjon av geitelêr. På grunn av det milde sørlege klimaet er region veleigna til jordbruk og det er mange fabrikkar for handsaming av jordbruksprodukt i området, hovudsakleg spesialisert innan produksjon av kjøtvarer, matolje og smør.

    Bakgrunnsstoff

    [endre | endre wikiteksten]
    Commons har multimedium som gjeld: Urjupinsk