Hopp til innhald

Volzjskij

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Volzjskij
Волжский
by
Flagg
Våpenskjold
Land  Russland
Føderasjonssubjekt Volgograd oblast
Høgd 20 m
Areal 150 km²
Folketal 313 034 (1. januar 2025)
Grunnlagd 1951
   Bystatus 1954
Postnummer 404100–404133
Retningsnummer (+7) 8443
Kart
Volzjskij
48°47′00″N 44°46′00″E / 48.783333333333°N 44.766666666667°E / 48.783333333333; 44.766666666667
Wikimedia Commons: Volzhsky, Volgograd Oblast

Volzjskij (russisk Во́лжский) er ein by i Volgograd oblast i Russland. Han ligg på austbreidda av elva Volga og forgreininga hennar Akhtuba, rundt 20 kilometer nordaust for Volgograd. Han har like over 300 000 innbyggjarar.

Det var ingen folkesetnaden på staden til dagens by før på 1700-talet. Dei første nybyggjarane var flyktningar som kalla seg bezrodnje (russisk: безродные – «utan slekt») og landsbyen dei danna fekk namnet Bezrodnoje. I 1720 gav Peter den store ordre om å bygge ein statleg silkefabrikk på staden, etter at han hadde lagt merke til dei rike morbærskogane i området.

Busetnaden Volzjskij vart registrert i 1952 og han hadde då rundt 10 000 innbyggjarar. I 1954 fekk busetnaden bystatus. Den største auken i folketalet kom med bygginga av Volga vasskraftverk

Byen vart bygt av sivile fangar som vart løna med hus eller leilegheiter ved endt soning. Volzjskij vart planlagt med leilegheitsblokker som vart vinkla for å dempe dei varme sommarvindane frå steppene.

Industrien i byen består, utanom vasskraftverket Volga GES, av metallindustri og kjemisk industri.

    Bakgrunnsstoff

    [endre | endre wikiteksten]
    Commons har multimedium som gjeld: Volzjskij