Utamaro

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Utamaro

Fødenamn 喜多川 歌麿
Statsborgarskap Japan
Fødd 1753, 1754
Kawagoe, Edo
Død

31. oktober 1806 (52 år)
Edo

Yrke ukiyo-e artist, kunstmålar, grafikar
Sjanger bijin-ga
Signatur
Utamaro på Commons
Kvinne turkar sveitte, 1798
To elskarar, 1799
Drikkelag i månelys på Dozo Sagazi

Kitagawa Utamaro (ca. 175331. oktober 1806) var ein japansk grafikar og målar. Han arbeidde mellom anna med tresnitt og vert rekna som ein av dei største utøvarane i ukiyo-e-sjangeren. Han er særleg kjend for sine meisterleg komponerte studiar av kvinner.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Utamaro var fødd i Edo, Kyoto eller Osaka. Fleire kjelder hevdar han var gift, men så godt som ingenting er kjent om familie. Men mange av dei bevarte trykka førestiller ei og same kvinna med barn i ömsinta och förtrogna stunder i familieliv. Dessutan kan ein sjå både mann og kvinne i scener gjennom fleire år av oppveksten til barnet.

Erotiske bilete, kalla shunga, vart populære i Japan på 1700-talet, tresnitta vart selde i store opplag og dei vart samla på. Nygifte fekk ofte erotiske teikningar eller tresnitt i gåve på bryllaupsdagen, for slik diskret å gje eit vink om kva som vart venta av dei på bryllaupsnatta. Mange av desse bileta er kunstverk av høg kvalitet.

Utamaro laga verka sine oftast i tresnitt, men det finst både teikningar og måleri etter han. Han produserte fleire enn 2 000 trykk, ofte med motiv frå kvardagslivet. Utamaro sine kvinneskildringar, kalla bijinga, er berømte for si linjeføring og stemning. Han laga også naturstudiar, særleg illustrerte han bøker med insekt.

Arv[endre | endre wikiteksten]

Verk av Utamaro nådde Europa i andre halvdel av 1800-talet. Kunsten hans vekte mykje åtgaum, særskilt i Frankrike. Bileta hans påverka europeiske impresjonistar, mellom anna gjennom si vektlegging av spelet mellom lys og skugge, i staden for detaljrikdom. Når impresjonistiske kunstnarar tala om «japansk påverknad», såkalla japonisme, hadde dei ofte vorte inspirert av Utamaro-verk.

I 1946 laga Mizoguchi Kenji filmen Fem kvinner kring Utamaro. Filmen skildrar episodar frå livet til den berømte kunstnaren, og legg særleg vekt på kjærleiks-affærer med ymse kvinner; unge aristokratiske, modellar og prostituerte, som vitjar atelieret hans.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Utamaro

Kjelder[endre | endre wikiteksten]