Utvær
Utsjånad
61°02′17″N 04°30′39″E / 61.03806°N 4.51083°E
| Utvær | |||
| øy | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Fylke | Vestland | ||
| Kommune | Solund kommune | ||
| Areal | 0,2 km² | ||
| Folketal | 0 | ||
![]() Utvær 61°01′59″N 4°30′16″E / 61.033°N 4.5044°E | |||
| Wikimedia Commons: Utvær | |||
Utvær er namnet på den vestlegaste øygruppa i Noreg, og likeeins namnet på den største øya og fiskeværet som ligg her. Øygruppa ligg i Sognesjøen i øykommunen Solund i Vestland, om lag 18 kilometer vest om kommunesenteret Hardbakke. Det er ikkje fast busetjing her lenger. Heile øygruppa er freda under namnet Utvær naturreservat.
På Holmebåen på den vesle øya Steinsøyna i denne øygruppa ligg det vestlegaste punktet i Noreg (frårekna Jan Mayen). På øygruppa finn ein òg Utvær fyrstasjon, eit kystfyr av tredje ordenen. Fyret har raudt tårn, med lyskjelda 45 meter over havet.
Folketalsutvikling:
| 1801[1] | 1900[2] | 2022 |
|---|---|---|
| 41 | 57 | 0 |
Galleri
[endre | endre wikiteksten]- Fiskeværet og fyret
- Utvær i 1913.
- Utvær er òg namnet på fiskeværet i øygruppa Utvær, og Utvær fyr (i bakgrunnen på fotografiet) ligg i utkanten av fiskeværet.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Folketeljing 1801 for Eivindvik prestegjeld, frå Digitalarkivet
- ↑ Folketeljing 1900 for Solund herred, frå Digitalarkivet
