Utvidingspakke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ei utvidingspakke, også kalla tilleggspakke eller ekspansjonspakke (engelsk expansion pack), er eit tillegg til eksisterande spel som rollespel, brettspel og elektroniske dataspel. Slike pakker gjev spelet nye spelarnivå, våpen og gjenstandar, eller ei utvida historie til det opphavlege spelet. Utvidingspakkar er som oftast utvikla av den same produsenten som utvikla originalspelet, men det hender at produsenten lisensierer rettane til ein tredjepart.

Ettersom ei ekspansjonspakke vanlegvis berre inneheld tilleggsmateriale, må brukaren ha originalspelet i tillegg, for at det skal vere mogleg å bruke det. Somme gonger er utvidingspakkane likevel tilgjengeleg både med og utan originalspelet inkludert, slik som t.d The Sims: Livin' Large. Slike pakkeløysingar gjer spelet meir tilgjengeleg for nye spelarar. Spel som etterkvart har nådd slutten på si kommersielle levetid, kjem ofte ut i utgåver der originalspelet ligg saman med alle dei utgjevne utvidingspakkane. Slike spel er påtrykt "Complete" eller "Gold edition" etter namnet på originalspelet.

Frittståande utvidingspakkar[endre | endre wikiteksten]

Nokre utvidingspakkar, slik som Half-Life: Blue Shift og Sonic & Knuckles, treng ikkje originalspelet for at det nye materialet skal kunne nyttast. Under installeringa av Blue Shift, vert naudsynte komponentar lasta ned frå Steam-nettverket. Sonic and Knuckles for Sega Mega Drive var uvanleg på den måten at spelekassetten fungerte som eit frittståande spel aleine, samstundes som den fungerte som utvidingsspakke for både Sonic the Hedgehog 2 og Sonic the Hedgehog 3.