Uwe Hohn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Uwe Hohn

Bundesarchiv Bild 183-1984-0513-018, Uwe Hohn.jpg

Statsborgarskap Tyskland, Den tyske demokratiske republikken
Fødd 16. juli 1962
Neuruppin
Idrett friidrett
Yrke friidrettsutøvar, spydkaster, trener

Uwe Hohn (fødd 16. juli 1962) er ein tysk, tidlegare friidrettsutøvar frå i Neuruppin i Brandenburg, som tevla i spydkast for DDR. Han vart europameister i øvinga i 1982, den einaste internasjonale meisterskapen han deltok i. To år seinare vart han den fyrste som kasta spydet over 100 meter. Hohn er 198 cm høg, og hadde i tevlingsvekt på 116 kg.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Hohn var 20 år gammal då han under EM 1982 i Athen vann gullmedaljen med eit kast på 91,34 m. Han gjekk til topp i ei tevling med fleire sterke prestasjonar, der Heino Puuste frå Sovjetunionen tok sølv med 89,56 m og Hohn sin landsmann Detlef Michel fekk bronse med 89,32 m.

Under eit stemne på Friedrich Ludwig Jahn Stadion i Aust-Berlin den 20. juli 1984 vart Hohn den fyrste spydkastaren som nådde over 100 meter med spydet sitt. Rekordkastet målte heile 104,80 meter. Han deltok ikkje i sommar-OL det året, då DDR boikotta leikane i Los Angeles.

Etter rekordkastet endra det internasjonale friidrettsforbundet (IAAF) regelverket, mellom anna for at friidrettsarenaene var for små til å tole så lange kast. Nye spyd der tyngdepunktet var flytta fram kom i bruk og vart godkjende. Endringa førte til kortare kast og auka sjansen for at spydet landa med spissen i bakken, mange flate nedslag hadde vore eit stort problem for nøyaktig måling av det enkelte kastet, og det var til og med eit spørsmål om det i det heile skulle godkjennast.

Hohn vart austtysk meister i spydkast i 1984 og 1985. Han la opp i 1986, etter å ha vore plaga av skader og ein mislykka operasjon.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]