Uyun AlJiwa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Uyun AlJiwa
Al Uyun, Uyun AlJiwa guvernement
guvernement
Den historiske staden Sakhrat Antarah
Land  Saudi-Arabia
Region Al-Qassim-regionen
Koordinatar 26°29′55″N 43°37′56″E / 26.49861°N 43.63222°E / 26.49861; 43.63222
Areal 120 km²
Folketal 26 544  (2011)
Folketettleik 221,2 / km²
Leiar Mohammad bin Abdullah Al-hajjaj
Tidssone AST (UTC+3)
Retningsnummer 06
Kart
Uyun AlJiwa
26°29′55″N 43°37′56″E / 26.49861111°N 43.63222222°E / 26.49861111; 43.63222222
Wikimedia Commons: Uyun Al-Jiwa
Nettstad: www.OyoonJiwa.com

Uyun AlJiwa (offisielt: Uyun AlJiwa guvernement, Al Uyun, Al Jiwa og Oyounaljewa, arabisk skrift محافظة عيون الجواء) er eit guvernement i Saudi-Arabia som ligg nordvest i Al-Qassim-regionen mindre enn 30 km nordvest for Buraydah, provinshovudstaden. Namnet tyder Tjerna i dalen, og kjem frå fleire vatn som brukte å ligge i området. Regionen er mest kjend for dei historiske busetjingane i området og dei historiske stadane frå antikken. Folket i Al Jiwa skil seg frå andre folk i Al-Qassim-regionen med ein særeigen dialekt.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Mange historiske og førhistoriske samfunn har budd i Al Jiwa-området. Eit døme er Banu Abs som den kjende riddaren, eventyraren og diktaren Antarah Bin Shaddad. Al Jiwa har òg mange thamudiske helleristingar.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Al Jiwa' (utan «Uyun») syner til dalen der guvernementet ligg. Uyun AlJiwa syner både til guvernement og hovudbyen. Utanom hovudbyen ligg det åtte byar som:

  • Ghaf Al Jiwa
  • Rawdh Al Jiwa
  • Authal
  • Al Slubiya

Kjelder[endre | endre wikiteksten]