Vêrfront

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ein vêrfront er eit meteorologisk omgrep som omfattar grensa mellom to luftmassar med ulik temperatur, fukt og tettleik. Når ein front passerer over eit område kan det skje endringar i både temperatur, fukt, vindretning, vindstyrke og lufttrykk. Ein vêrfront oppstår som regel i samband med lågtrykk og er assosisert med skya vêr og nedbør. Normalt flyttar frontane seg austover i lag med lågtrykka, men i somme tilfelle kan frontane stå tilnærma i ro, noko ein kallar ein stasjonær front.

Ein har fleire typar frontar. Varmfront har ein når varmare luft kjem inn i eit område med kaldare luft. I det motsette tilfellet, når kaldluft erstattar varmluft, har vi ein kaldfront. I eit frontsystem er varmfronten alltid føre kaldfronten. I samband med ein varmfront blir varmluft heva, og dette tappar kinetisk energi frå varmfronten. Dermed vil varmfronten flytte seg seinare og seinare, medan kaldfronten flyttar seg like fort. Kaldfronten tar igjen varmfronten, og den delen av varmfronten som er innhenta blir kalla ein okkludert front.

Sjå óg[endre | endre wikiteksten]