Kaldfront

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kaldfront. Den kalde lufta presser den varme lufta oppover, og det blir danna skyer.

Ein kaldfront er definert som grensa mellom to luftmassar av ulik temperatur, der den kaldare lufta erstattar den varmare lufta. Fronten er nesten alltid knytt til eit lågtrykk. Den kaldare lufta er tyngre, og kiler seg dermed inn under den varme lufta. Den varme lufta blir løfta, kondenserer og dannar skyer, hovudsakleg av type cumulus. Ein kaldfrontpassasje fører oftast til at vinden endrar styrke og dannar vertikale rørsler (turbulens) som kan føre til atmosfæriske forstyrringar føre og like bak kaldfronten som regnbyer, torebyer, byelinjer og i verste fall tornadoar. Lufta bak kaldfronten er vanlegvis tørrare og kaldare enn lufta den byter ut, så i det ein kaldfront passerer vil temperaturen som regel falle. Om vinteren kan det derimot skje at lufta nær overflata er kaldare enn lufta som blir bytta ut i samband med ein kaldfront. Då vil temperaturen stige i luftlaga nær overflata. Dette blir kalla ein maskert kaldfront.

Frontsystem med varmfront (raud), kaldfront (blå) og okkludert front (lilla) i samband med eit lågtrykk.

Kaldfrontar er kjenneteikna ved kraftige vertikale luftrørsler. Og dei konvektive skyene som oppstår fører ofte til regnbyer eller torevêr. På baksida av ein kaldfront blir det ofte oppklåring før ustabil luft overtar i kaldsektoren eit stykke bak fronten. Her blir det ofte danna cumulusskyer og byevêr. Kaldfrontar er òg assosiert med vindskjer (endring av vindretning og vindstyrke), der vinden ofte dreiar med klokka etter at fronten har passert (t.d. frå sørvest før fronten til nordvest bak fronten). Dette vindskjeret fører til ein konvergens (opphoping) av luft nær fronten, som også er med på å bidra til at lufta stig. I tillegg vil vindstyrken som regel auke gradvis etter kvart som kaldfronten nærmar seg med rolegare vind bak fronten.

Ein skil mellom to typar kaldfrontar, anafront og katafront. Anafront er den «klassiske» skildringa av ein kaldfront, der kaldlufta presser den varmelufta oppover og det blir danna skyer og nedbør. Ein katafront er ein front der lufta ofte søkk langs frontflata. Visst kaldlufta trenger igjennom ei kaldfrontflate i høgare nivå kan det føre til kraftig instabilitet som kan gje byger eit godt stykke føre bakkefronten. Dette vert kalla ein «split front» eller dobbel kaldfront. Katafrontar har ofte mindre nedbør og svakare vindskjer i sjølve fronten enn anafrontar, i tillegg til raskare oppklåring etter fronten.

Ein kaldfront oppstår som regel i eit frontsystem i lag med ein varmfront. Kaldfronten flyttar seg raskare enn varmfronten, og den delen av varmfronten som kaldfronten har innhenta blir kalla ein okkludert front eller okklusjon.

På vêrkart er kaldfronten markert med blå linjer og trekantar som viser retninga fronten flyttar seg.