Vakh

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Vakh
elv
Land Flag of Russia.svg Russland
Nedslagsfelt 76 700 km²
Lengd 964 km
Middelvassføring 504 /s
Munning Ob

Vakh (russisk Вах) er ei elvDen vestsibirske sletta i Khanty-Mansia i Russland og ei av sideelvane til Ob frå høgre. Elva er 964 km lang og har eit nedslagsfelt på 76 700 km². Elva har ei middelvassføring på 504 m³/s.

Elva spring ut nær vasskiljet mellom Ob, Jenisej og Taza, og renn gjennom eit område med myrlendt taiga. Dei største sideelvane hennar er Kulynigol, Sabun og Kolikegan frå venstre og Bolsjoj Megtygegan frå høgre. Vakh munnar ut i Ob 10 km ovanfor Nizjnevartovsk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]