Khanty-Mansia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Khanty-Mansia
Ханты́-Манси́йский автоно́мный о́круг, Khanty-Mansijskij avtonomnyj okrug
autonom okrug
Land  Russland
Region Vest-Sibir
Del av Den uralske føderasjonskrets
Areal 534 800 km²
Folketal 1 532 243  (2010[1])
Grunnlagd 10. desember 1930
Kart
Khanty-Mansia
62°15′0″ N 70°10′0″ E
Wikimedia Commons: Khantia-Mansia

Khanty-Mansia er eit autonomt område i Russland. Det er ei føderal eining i den russiske føderasjonen, samstundes som det er del av Tjumen oblast. Det ligg i nedbørsområdet til elva Ob i nordvestre del av Sibir i Asia. Khanty-Mansia grensar i nord mot Jamalo-Nenetsk, i aust mot Krasnojarsk kraj, i søraust mot Tomsk oblast, i sør mot Omsk, Tjumen og Sverdlovsk oblastar og i vest mot Republikken Komi.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Khanty-Mansia høyrer i hovudsak til det vest-sibirske låglandet, berre områdets vestlege delar høyrer til Uralfjella. Den viktigaste elva er Ob med sideelvene Irtysj, Konda, Sosva og Vakh. I Khanty-Mansia er det innlandsklima. Gjennomsnittstemperaturen varierer i området mellom -18 °C og -23 °C i januar og mellom +16 °C og +19 °C i juli. Gjennomsnittleg årsnedbør er 500 mm. Den største delen av området er dekt av barskog og torvmyr, heilt i nord er det tundra. Det er også to store naturvernområde der; Malaja Sosva og Juganskij.

Folkesetnad[endre | endre wikiteksten]

Khanty-Mansia sitt innbyggjartal er 1 444 186 (2003) og folketettleiken er 2,7 innb/km². Av folkesetnaden bur 91,3 % i byar og 8,7 % på landsbygda. Dei største byane er Surgut (277 100 innb), Nizjnevartovsk (239 000 innb), Neftejugansk (98 600 innb), Njagan (59 800 innb), Kogalym (53 800 innb), Megion (41 300 innb), Uraj (38 900 innb) og hovudstaden Khanty-Mansijsk (36 900 innb).

Områdets folkesetnad kan bli delt inn i ulike etniske grupper. Ved folketeljinga i 2010 var dei største folkegruppene:[2]

Språka til urbefolkninga i omrpådet, khantisk og mansisk høyrer til den ugriske greina av dei uralske språka, næraste slektspråk er ungarsk. khantiane og mansiane har lidd mykje for den russiske assimilasjonspolitikken, særleg av oljeutvinninga, som har øydelagt store delar av dei tradisjonelle områda deira.

Khanty-Mansias duma godkjente i 2001 ei lov for å bevare og styrke språket til urfolket i området. Målet med lova er å styrke språka til khantiane, mansiane og nenetsane.

Administrasjon[endre | endre wikiteksten]

Området blir styrt av ein guvernør og ein duma. Guvernør er Aleksandr Filipenko. Khanty-Mansia sin hovudstad er Khanty-Mansijsk (nimenä v:een 1940 Ostajako-Vogulsk).

Khanty-Mansia blir delt inn i ni krinsar (rajonar):

Rajonar

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Områdets økonomi er grunnlagt på utvinning og foredling av olje og gass. Khanty-Mansia er eit av Russland sine største oljeproduksjonsområde. I tillegg er det skogbruk og treforedling. I jordbrukssektoren er det kjøtt- og mjølkeproduksjon som dominerer, i tillegg til ein viss grad av reindrift, pelsdyrfangst og -oppdrett. Viktigaste planteslag er potet og grønsaker.

Ob med sideelver dannar ein viktig transportveg. Eit par jarnvegar går inn i Khanty-Mansia i sør, dei viktigaste går frå Tjumen til Surgut og frå Ivdel til Ob.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ostjakanes og vogulanes nasjonale krins vart grunnlagt 10. desember 1930. Krinsen fekk nytt namn i 1940 Khantyanes og mansianes nasjonale krins og hovudstaden fekk altså nytt namn, frå Ostjako-Vogulsk til Khanty-Mansijsk. Krinsen sitt namn vart endra frå nasjonal til autonom i 1977.

Den 7. mars 2003 vedtok dumaen i Khanty-Mansia å endre namnet til ”Khanty-Mansia autonome krins – Jugra”.

Ved parlamentsvalet i Khanty-Mansia 13. mars 2006 vart Sameint Russland det klart største partiet med 55 % av røystene. Vladimir Zjirinovskij sitt Liberal-Demokratiske Parti vart nest størst med 10 %.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Chanty-Mansijskij Avtonomnyj Okrug Citypopulation.de
  2. "Vserossijskaja perepis naselenija 2010" Arkivert 2013-03-15 ved Wayback Machine. - Folketeljinga i Russland 2010

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]