Vaktelegg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Eitt hønseegg og to vaktelegg.
Foto: Markus Nolf

Vaktelegg er egg frå vaktlar. Egga er rundt ein femtedel so store som hønseegg. Dei blir brukte til matlaging i ulike kulturar. Nokre stader er dei rekna som ein delikatesse, andre stader som meir kvardagsleg mat.

Innan japansk matlaging blir egga ofte nytta i bentoboksar. Dei kan også brukast til sushi. I Sør-Korea blir store mengder hardkokte vaktelegg selde i matbutikkar for ein rimeleg penge. I Vietnam blir liknande posar kokte egg selde på gata som ølsnacks.[1] Små pakkar hardkokte egg blir også selde som snacks i Indonesia, der ein også finn egga på grillspyd som satay som tilbehøyr til rettar som soto og bubur ayam. På Filippinane er kwek-kwek ein vanleg gaterett laga av blautkokte egg dyppa i ei oransje røre, sett på spyd og frityrsteikt.

I Brasil, Colombia, Ecuador og Venezuela er det vanleg å festa eit enkelt hardkokt vaktelegg på toppen av ei pylse i brød eller ein hamburger, ofte med ei tannstikke.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Eat Cheap, Top 7 Street Foods Around the World». Backpacker Ben (travel blog). August 2010. Arkivert frå originalen 2015-10-29.