Hopp til innhald

Valderhaugbåten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Valderøybåten)

Valderhaugbåten eller Valderøybåten er restane etter ein båt som vart funnen i gravhaug, Valderhaugen, på Jangarden på Valderøya, Giske, Sunnmøre.

Det var to graver i haugen, som var gravd ut tidleg på 1800-talet. Den yngste var ei branngrav, tidfesta 350-400 e. Kr. Båtrestane vart funne under ei helle, som var under restane av båtgrava. Dei er C-14 datert til 245 e.Kr. pluss/minus 105 år. Båten har vore sydd, og har hatt surringsklampar på borda. Desse klampane har vore dekorerte med enkle, innskorne linjer. Det er noko ein kjenner att frå Nydamfunnet.

  • Arne Emil Christensen: Forfedrenes farkoster Norsk skipsbyggerkunst fra de eldste tider, PAX FORLAG A/S, OSLO 2022, ISBN 978-82-530-4310-4