Valderøya
| Valderøya | |
|---|---|
| Geografi | |
| Stad | Sunnmøre |
| Koordinatar | 62°30′48″N 06°07′16″E / 62.51333°N 6.12111°E |
| Areal | 6,5 km² |
| Høgaste punkt | Signalen (231 moh.) |
| Administrasjon | |
| Land | |
| Fylke | Møre og Romsdal |
| Største busetnad | Valderhaug og Valderhaugstrand |
| Demografi | |
| Folketal | 4413[a] (2024) |
| Folketettleik | ca. 680 /km² |
Valderøya er ei øy i Giske kommune på Sunnmøre.
Med 4413 innbyggjarar (2024) er øya den mest folkerike i kommunen. Her ligg kommunesenteret Valderhaugstrand, sør på øya. Andre viktige tettstader er Nordstrand i aust og Skjong i sørvest. Fiske og fiskeforedling, tenestyting og mekanisk industri er dei viktigaste næringsvegane. Rådhuset i Giske kommune ligg på Valderøya.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Valderøy har ein flatevidd på 6,5 km² og er berglendt. Øya har brusamband til Vigra over Gjøsund og til øya Giske over Staursundet. Valderøytunnelen utgjer eit undersjøisk tunnelsamband til Ellingsøy som går vidare til Ålesund.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Dei viktigaste historiske stadene på øya er Skjonghellaren, ei hole i fjellet med spor etter busetjing frå yngre jernalder, og Valderhaugen, der ein har funne dei eldste båtrestane i Norden.
Øya høyrde til Borgund kommune fram til 1908.
Valderøy kyrkje er ei betongkyrkje frå 1961.
Folketalsutvikling:
| 1801[1] | 1900[2] | 2000[3] | 2024[3] |
|---|---|---|---|
| 224 | 606 | 2976 | 4413[a] |
Merknadar
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 Medrekna Skjongholmen
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Folketeljing 1801 for Borgund prestegjeld, frå Digitalarkivet
- ↑ Folketeljing 1900 for Borgund herred, frå Digitalarkivet
- 1 2 Befolkning, etter grunnkrets, statistikkvariabel og år, frå Statistisk sentralbyrå
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- «Valderøy» Arkivert 2005-02-10 ved Wayback Machine.
- «Øyriket Giske» på giske.kommune.no[daud lenkje]