Vallø Oljeraffineri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.
Broom icon.svg Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp.
Flyfoto frå 1952 som viser Vallø Oljeraffineri og lagar samt arbeidarlandsbyen på halvøya Valløy i noverande Tønsberg kommune. Her produserte Esso Noreg og forgjengarane til selskapet smøreoljer, asfalt og anna i perioden 1905–2001. I 1950 kom anlegget i drift etter bombeangrepet sist i krigen 1940-1945. På stranda til venstre sest deponi for syrebek, giftig produksjonsavfall.
Foto: Arkivverket

Vallø Oljeraffineri var eit oljeraffineri på halvøya Valløy 5 km aust for Tønsberg i Vestfold. Her produserte Esso Noreg, og forgjengarane til selskapet, smøreoljer, asfalt og anna i perioden frå 1905 til 2001. Mot slutten av andre verdskrig våren 1945 vart anlegget bomba av allierte fly. 53 nordmenn omkom saman med ei ukjend mengd tyske soldatar.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Vallø Oljeraffineri i 1932. Midt i biletet sest pumpehuset og til høgre vaskeri for filterduket. I Valløbukta bak liggar eit kvalkokeri.
Foto: Arkivverket
Tankar og bygg ved raffineriet i 1924
Foto: Arkivverket
Vallø Oljeraffineri i 1937
Foto: Arkivverket
Raffineriet omkring 1960
Foto: Arkivverket

Petroleumsverksemda i Noreg på industristaden Vallø starta då A/S til Petroleum- & Maskinoljeraffineriet, Skandinavias første oljeraffineri, vart etablert i 1899.[1] F

Selskapet gjekk likevel konkurs og A/S Vallø Oljeraffineri vart sett i gang same stad i 1905. Detta var det første anlegget i Noreg for raffinering av råolje til ferdigprodukter som bensin og smøreoljer. Produkta vart distribuert av Østlandske og Vestlandske Petroleumscompagnier som frå 1919 samarbeidet med Amerikansk Petroleumscompagni og frå 1953 vart samla i eitt selskap under namnet A/S Norske Esso (frå 1999 underlagt Exxon Mobil).

I mellomkrigstida nådde verksemda eit høgdepunkt med over 100 tilsette og arbeidarbustader i landsbyen på Vallø. På det meste budde det omkring 500 personar på halvøya.

Den 25. april 1945, knappe to veker før freden, vart raffineret, som var kontrollert av tyske okkupasjonsstyresmakter under krigen, angripe av britiske bombefly. Føremålet kan ha vore å ramme oljeforsyningane til tyske ubåtar. Lagertankane ved raffineriet skal likevel nesten ha vore tomme. Bombardementet øydela anlegget, mange av husa omkring, og òg tapetfabrikken på Vallø. 53 nordmenn og ei ukjent mengd tyske soldatar vart drepne. Raffineriet vart gjenreist og heldt fram produksjonen frå 1950.

Etter at Esso-raffineriet på Slagentangen 9 km lenger nord kom i drift i 1961, la raffineriet på Vallø gradvis om, til hovudsakleg å produsera asfalt. Denne produksjonen opphøyrde i 1993. Sidan var staden importterminal for kjemiske produkt og sentrallager for smøreoljer til alle Essos bensinstasjonar i Noreg. All verksemd opphøyrde i 2001.

I 2015 byrja arbeidet med å fjerna store mengd miljøfarlig avfall frå den tidlegare smøreoljeproduksjonen ved raffineriet. Fram til 1964 vart det sloppe ut 30 000 tonn giftig syrebek og blekejord (fullerjord), og dei gamle avfallsdeponia omfattar cirka 120 mål. Omkring 200&nbso;000 masse, eller bortimot 2 000 lastebillass, vert fjerna og reinsa.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. ExxonMobil om historia til Vallø Oljeraffineri