Vallonsk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Vallonsk
(Walon)
Klassifisering: indoeuropeisk
 romansk
  galloromansk
   langues d'oïl - vallonsk
Bruk
Tala i: Flag of Belgium (civil).svg Belgia
Flag of France.svg Frankrike
Flag of the United States.svg USA
Vallonsktalande i alt: Som førstespråk: 600 000
Språkkodar
ISO 639-1: wa
ISO 639-2: wln
ISO 639-3: -

Vallonsk eller wallonsk (fransk wallon eller walon) er eit språk som høyrer til den gruppa av romanske språk som på fransk vert kalla langue d'oïl, eller berre oïl. Desse utvikla seg i mellomalderen i eit område nord i Gaule, deretter i Nord-Frankrike, sør i Belgia (det romanske Belgia) og på Kanaløyane.

Bruken av vallonsk er avgrensa til eit område i det elles fransktalande Sør-Belgia (Vallonia, fransk: Région wallonne eller Wallonie) og til nokre av dei tilgrensande områda i Ardennes i Frankrike (og er dessutan nytta eller kjend i somme tradisjonsmiljø nordaust i delstaten Wisconsin i USA).

Vallonsk skil seg markant frå det normerte franske språket som vert nytta i Belgia som det eine av dei tre offisielle språka i landet; dei to andre er flamsk (den belgiske varianten av nederlandsk) og tysk.

Dei vallonske dialektane[endre | endre wikiteksten]

Den geografiske fordelinga av dei vallonske dialektane. Stipla line på kartet markerer både riksgrensa for Belgia og dei indre regionsgrensene, og heildrege line markerer språkgrensa for det romanskspråklege (fransk- og vallonsk-språklege) Belgia.

Vallonsk har fire distinkte dialektar som vert tala i ulike område. Dei vallonske dialektane i Belgia er aust-vallonsk (fransk: est-wallon) òg kalla liégeois; sentral-vallonsk eller midt-vallonsk (fransk: centre-wallon), òg kalla namurois; vallonsk-picard (fransk: wallo-picard), som unøyaktig òg vert kalla vest-vallonsk (ouest-wallon).

Sør-vallonsk (fransk: sud-wallon), òg kalla wallo-lorrain, vert tala i delar av Luxembourg og sør-aust i Namur (Ardennes namuroises) i Frankrike.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Atlas linguistique de la Wallonie («Språkleg atlas over Vallonia») ved l’Université de Liège.