Valsertal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Valsertal er ein dal i kantonen Graubünden i Sveits. Opphavleg vart dalen berre kalla Vals.

Valserdalen er om lag 16 km lang. Ved Uors, deler han seg mot sør frå Val Lumnezia. Dalen vert drenert av Valser-Rhinen. Det er to kommunar i dalen: Vals og St. Martin.

Folkesetnaden er spreidd utover i små grender og landsbyen Vals-Platz, som ligg 1250 meter over havet.

Therme Vals, dei einaste varmekjeldene i Graubünden der varmt vatn spring ut av bakken, ligg i dalen. Peiden-Bad, i den nedre delen av dalen, er ein tidlegare kurstad.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 46°41′55″N 9°10′54″E