Vandans

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vandans
kommune
Land  Austerrike
Areal 53,44 km²
Folketal 2 610 (1. januar 2016)
Kart
Vandans
47°05′43″N 9°51′56″E / 47.095277777778°N 9.8655555555556°E / 47.095277777778; 9.8655555555556
Wikimedia Commons: Vandans

Vandans er ein landkommune i distriktet Bludenz i forbundslandet Vorarlberg i Austerrike. Kommunen dekker eit areal på 53,8 km² og har 2 610 ibuarar i 2016. Landsbyen Vandans ligg i eit trangt dalføre, 648 meter over havet, om lag åtte kilometer søraust for distriktshovudstaden Bludenz. 26% av landvidda er skogdekt, 34% er høgfjell.

Eit firma som lagar utstyr til bilindustrien er største arbeidsplassen i Vandans. Turisme er ei viktig næring, både vinter og sommar. I kommunen er det bygt ut fleire vasskraftverk.

Fjellkjeda Rätikon reiser seg sør i kommunen.

Vandans.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Vandans