Vaniljesukker

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Vaniljesukker

Vaniljesukker er ein ingrediens laga av sukker (melis) og vanlegvis 1-3% kunstig vaniljearoma, vanillin. Det blir òg produsert vaniljesukker med ekte vanilje, laga av sukker og vaniljestenger.Nokre typar vaniljesukker inneheld òg mindre mengder med klumpførebyggande middel som til dømes maisstive.

Vaniljesukker blir hovudsakleg brukt i søte næringsmiddel som iskrem og bakevarer, for å gje vaniljearoma.

I andre land er det vanleg å bruka flytande vanillinessens i staden for vaniljesukker. Desse er ofte kjenneteikna av at dei inneheld vaniljefrø sett som små svarte prikkar. Det finst likevel òg vanillinsukker med kunstige vaniljefrø tilsett.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]