Vanilje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Vaniljefrukter

Vanilje (frå fransk, opphavleg frå eit spansk diminutiv av vaina, 'belg')[1] er ein lukt- og smaksetjar som kjem frå frukta til vaniljeorkidear, særleg frå arten Vanilla planifolia. Vanilje blir ofte brukt i dessertar, som crème brûlée, vaniljepudding, vaniljeis eller til vaniljesaus. Stoffet kan også brukast til parfyme og aromaterapi.

Grøne vaniljefrukter.

Vaniljeslekta omfattar rundt 50 artar. Tre av dei som stammar frå Meso-Amerika kan brukast til å produsera vanilje. Den vanlegaste er Vanilla planifolia, men også Vanilla pompona og Vanilla tahitiensis kan brukast. Fruktene er lange, smale kapslar kjende som vaniljestenger. Desse blir tørka og preparert på ulike måtar.[2] Sjølv om Mexico er opphavslandet for vaniljeplantane, er det i dag Madagaskar som er den største vaniljeprodusenten i verda.

Vanilje er det nest dyraste krydderet i verda, etter safran.[3][4] Dette kjem av at vaniljedyrking er svært arbeidskrevjande.[4] Trass i kostnaden er vanilje etterspurd for smaken si skuld.[5] Ofte bruker ein syntetisk framstilt vanillin som ei erstatning for dei mange stoffa som kjem frå ekte vanilje.[2]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «vanilje» i Nynorskordboka.
  2. 2,0 2,1 «Vanilje» (15. februar 2009) i Store norske leksikon, snl.no.
  3. Le Cordon Bleu (2009). Le Cordon Bleu Cuisine Foundations. Cengage learning. s. 213. ISBN 978-1-4354-8137-4. 
  4. 4,0 4,1 Parthasarathy, V. A.; Chempakam, Bhageerathy; Zachariah, T. John (2008). Chemistry of Spices. CABI. s. 2. ISBN 978-1-84593-405-7. 
  5. Rosengarten, Frederic (1973). The Book of Spices. Pyramid Books. ISBN 978-0-515-03220-8. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Vanilje