Varm lisone

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Den varme lisona er eit område i ei li, ei fjell- eller åsside, som på rolege netter har høgare temperatur enn områda høgare oppe i lia og nede i dalbotn. Dette kjem av ein kombinasjon av dei to faktorane at kald luft er tyngre enn varm luft, og at temperaturen minkar med høgda.[1]

Sidan lufta er kompressibel vil lufttettleiken vere høgare ved overflata enn oppover i atmosfæren. Lufta vert då tynnare og utvidar seg. Denne utvidinga krev energi og den einaste energien som til vanleg er tilgjengeleg er den indre energien til lufta, som vert teke frå luftmolekyla. Lufttemperatur er eit mål på farten til molekyla i lufta, så når ein tar energi frå desse molekyla vil farten deira verte mindre og dermed også lufttemperaturen. Dette er årsaka til at lufttemperaturen minkar med høgda så lenge ikkje andre faktorar spelar inn.

På rolege netter vert jordoverflata avkjølt ved hjelp av utstråling frå bakken. Lufta i ei fjell- eller åsside vil dermed verte kaldare enn lufta som ligg i same høgd over foten av fjellet eller åsen eller over dalbotnen. Sidan kald luft har høgare tettleik enn varm luft, vil denne horisontale temperaturskilnaden få den kaldare lufta i fjellsida til å strøyme ned mot foten av fjellet.

Temperaturen i den varme lisona er altså høgare enn lenger nede i lia på grunn av at den kalde lufta søkk mot foten av fjellet eller åsen. Over den varme lisona har derimot den lågare lufttettleiken og lufttrykket byrja å gjere seg gjeldande slik at ein får eit vertikalt temperaturmaksimum i lia kalla den varme lisona.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Asgeir Sorteberg (ukjent dato) Kapittel 3: Temperatur. Geofysisk Institutt, UiB. Besøkt 2018-02-20