Varmeoverføringskoeffisient

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Varmeoverføringskoeffisient eller filmkoeffisienten i termodynamikk, mekanikk og kjemiteknikk vert nytta til å rekne ut varmeoverføringa, typisk via konveksjon eller faseovergang mellom ei væske og eit fast stoff:

h = \frac{Q} {A \cdot \Delta T }

der

Q = varmestraumen eller varmeffekt per flateeining, J/s = W
h = varmeoverføringskoeffisient, W/(m2•K)
A = arealet som varmeoverføringa gjeld gjennom, m2
ΔT = temperaturskilnaden mellom ei flate og omgivnadane, K

Frå likninga over er varmeoverføringskoeffisinenten proporsjonal mellom varmefluksen, til dømes varmestraumen per areal, q = Q/A, og den termodynamiske drivkrafta til varmestraumen (t.d. temperaturskilnaden, ΔT).

Varmeoverføringskoeffisienten har SI-einingar i watt per kvadrameter Kelvin: W/(m2K).

Varmeoverføringskoeffisienten er den inverse av varmeisolasjon. Han vert nytta for byggmaterial og klede.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]