Varteig

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 59°21′2″N 11°11′25″E

Kommunevåpenen til Varteig frå 14. desember 1979. Kommunevåpenet viste Inga frå Varteig, mor til Håkon Håkonsson.

Varteig (utt. vartte) er ein tettstad i Sarpsborg kommune og var tidlegare ein eigen kommune i Østfold. Varteig var ein del av Tune kommune fram til 1861. Då blei han eigen kommune med Hasle som kommunesenter. Varteig ligg 15 km nord for Sarpsborg aust for Glomma.

1. januar 1992 blei Varteig kommune, med eit innbyggjartal på 2 199 og eit areal på 68 km², slått saman med Skjeberg, Tune og Sarpsborg til nye Sarpsborg kommune.

Varteig kyrkje

Varteig var ein typisk jordbrukskommune. I tillegg var tømmerfløting på Glomma viktig for sysselsettinga. Furuholmen lense i Glomma var i siste halvdel av 1800-talet eit senter for fløtinga.

Varteig kyrkje er kyrkja til Varteig prestegjeld i Sarpsborg prosti.

Varteig har oppkjørte skiløyper om vinteren og ein rik natur. Staden har også ei lysløype på ca. 2,2 km. Idrettslaget på staden heiter Varteig IL. Skyttarlaget heiter Hasle/Ise Salongskytterlag (HISSL).

Skulekorpset på staden har sidan 2014 vore felles med Hafslundsøy skole, og heiter Varteig og Hafslundsøy skolekorps.

Kjende folk frå Varteig[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]