Hopp til innhald

Vassenden i Jølster

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vassenden
stad
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Sunnfjord
Areal 0,39 km²
Folketal 327  (2023)
Folketettleik 838 / km²
Postnummer 6847 VASSENDEN
Innbyggjarnamn vassendar
Preposisjon Vassenden
Kart
Vassenden i Jølster
61°29′34″N 6°06′39″E / 61.492777777778°N 6.1108333333333°E / 61.492777777778; 6.1108333333333
Wikimedia Commons: Vassenden

Vassenden er ein tettstad i Sunnfjord kommune i Vestland fylke med 327 innbyggjarar per 1. januar 2023.

Vassenden er eigentleg namnet på sentrumsområdet ved enden av Jølstravatnet, men namnet vert no ofte brukt om området til og med byggjefeltet Langhogane mot vest. SSB reknar Langhogane som eigen tettstad. I midten av det utvida Vassenden-området har eit handlesenter, Jølstraholmen, vokse fram og lagt krav på nokre av sentrumsfunksjonane til det gamle Vassenden sentrum.

Det regionale alpinsenteret i Sunnfjord, Jølster Skisenter ligg på Vassenden, saman med den einaste golfbana i Sogn og Fjordane. Jølster Rafting arrangerer rafting i elva Jølstra, turen startar frå Vassenden og fortset omtrent ei mil nedover elva.