Vassjet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vassjet med senka spjeld.
Snitt gjennom eit vassjetaggregat.

Vassjet er ei strøymingsmaskin som vert nytta som framdriftsmetode for båtar. Ein propellliknande rotor, plassert i eit røyr, syg inn vatn i framkant av røyret og pressar det ut med stor fart i bakkant av røyret. Utløpet av røyret er utforma som ei dyse som samlar vatnet i ein stråle som driv båten framover. Innsuget er plassert under båten og dekt av ei rist som hindrar at det kjem framandelement som tang, taug og liknande inn i røyret.

For å driva vasstrålem ut gjennom røyret må rotoren pressa vatnet bakover med ei kraft (N) som er proporsjonal med vasstraumen (kg/s) og farten (m/s). I fylje Newton si 2. lov verkar det ei like stor kraft i motsett retning, som skuvar båten framover.

Praktisk bruk[endre | endre wikiteksten]

Ein annan føremonan med vassjet er fråværet ein propell som stikk med under båten. Dette reduserer risikoen for personskade ved bading og dykking. Nokre redningsskøyter nyttar vassjet, for at dei skal kunne nyttast på grunt vatn og redusera faren for skade på personar som vert plukka opp frå sjøen. Risikoen for skade på dyr, som til dømes delfinar og sjøkyr, vert òg redusert. Ein anna føremon er at aggretaget ikkje vert skadd ved grunnstøyting og at gittret ved innsuget hindrar taug, garn og liknande å vikla seg rundt rotoren. Rotoren kan vanlegvis reverserast for å reinska gittret for tang, plastposar og anna rusk som legg seg på. Båtar med vassjetaggregat vert styrte ved at dysene på aggregatet vert svinga til sida, slik at jetstrålen vert styrt til styrbord eller babord. Dette fører til lett manøvrering.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Engelsmannen Ruthven fekk patent på eit vassjetaggregat i 1849, men dei fyrste eksperimenta med vassjet vart ikkje utførte før i 1886, då den britiske marina nytta prinsippet i krigsskiper Waterwitch [1]. Propellen i røyret hadde ein diameter på 4,43 m og vart driven av ei dampmaskin med ei effekt på 118 kW (160 hk). Denne effekta var i minste laget og farten var berre 17 km/t (9.25 knop). Ein gjekk difor ikkje vidare med denne teknologien på 1800-talet og det var fyrst då då nyzealandaranaren Charles William Feilden Hamilton i 1954 utvikla eit vassjettaggregat at interessa blomstra oppatt[2].

Referansar[endre | endre wikiteksten]