Hestekraft

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Labor (1884). Måleri av Nils Kreuger av ein hest som dreg eit treskjeverk.

Hestekraft er ei eining for effekt, men det er ikkje ei SI-eining.

Det var Thomas Savery som fyrst nytta omgrepet hestekrefter, men det var James Watt som definerte eininga ved at han eksperimentelt slo fast at ein hest som på den tida blei nytta i dei engelske gruvene, gjennomsnittleg var i stand til å heise ei last på 33 000 pund éin fot opp på eitt minutt. Dette tilsvarar ca. 75 kg éin meter opp på eitt sekund. Denne eininga blei så nytta til å rekne ut kor mange hestar ei dampmaskin var god for.

Ei sekshestekrefters dampmaskin kunne såleis erstatte seks hestar. Ein har i ettertid funne at få hestar er i stand til å levere så mykje som éin hestekraft over tid, slik at dampmaskinene til James Watt faktisk erstatta fleire hestar enn det var lova.

Hestekrefter blir i dag stort sett berre brukt av historiske grunnar, til dømes til å gje effekten av motorar, særleg i bilar, og er i ferd med å bli avløyst av kilowatt. Ein tommelfingerregel for konvertering er at 1 hk er ¾ kW.

I vitskapleg samanheng bruker ein måleeiningar i SI-systemet der watt er gitt som måleeining for effekt.

Britiske horsepower med symbol hp er lik 1,0139 hestekrefter (hk).