Vasskjelde


Ei kjelde, ile, olle eller oppkome er ein stad der grunnvatnet kjem fram i dagen.[1] Slikt vatn kjem frå akviferar som opphavleg er vorte tilførte vatn gjennom nedbør.[2] Vatnet renn gjennom porøst materiale og sprekker til det treff eit vasstett leirlag eller fast berggrunn, til dømes ved foten av fjell eller åsar. Kjeldevatn er vorte reinsa for slam og organiske partiklar under ferda gjenom sand- eller gruslager, men kan også innehalda mindre mengder oppløyste mineralar (som jern og kalk).[2]
Springkjelde
[endre | endre wikiteksten]Ei springkjelde er ei kjelde der vatnet spring opp frå jordoverflata, ofte med stor fart og med høgt trykk. Slike kjelder kan anten vere artesiske brønnar eller geysirar.[3]
Varme og kalde kjelder
[endre | endre wikiteksten]Kalde kjelder er vatn som kjem frå djupner på kring 3–15 meter under jordoverflata. Desse djupnene vert ikkje råka av sommarvarme eller vinterkulde, og dette kjeldevatnet har typisk temperaturar på mellom +3° og +10° C.[2]
Varme kjelder eller termer er vatn som kjem frå så store djupner at det er vorte varma opp av jordvarmen.[2] I vulkanske område kan temperaturen i vatnet kome opp til kokepunktet, som i ein geysir.[1]
Mineralkjelder
[endre | endre wikiteksten]Ei mineralkjelde inneheld vatn med løyste salt frå bergartar det har passert, og vert ofte nytta som mineralvatn. Mange av desse kjeldene, til dømes i Aachen og Bad Ems i Tyskland, Karlovy Vary i Tsjekkia og Vichy i Frankrike, er òg varme. Slike kjelder har vore rekna som heilage, særleg på grunn av dei helsebringande verknadane dei førte med seg, som olavskjelder.[1]
Varme kjelder og minderalkjelder er vorte nytta til terapi, bading og avslapping. Nokre er vorte turistmål og senter for fysioterapi og liknande.[4][5]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 3 «kilde_-_grunnvann» (14. februar 2009) i Store norske leksikon, snl.no. Henta 29. november 2013.
- 1 2 3 4 Källa i Nordisk familjebok (2:a upplagan, 1911)
- ↑ «springkilder» (15. februar 2009) i Store norske leksikon, snl.no. Henta 1. desember 2013.
- ↑ van Tubergen, A (1. mars 2002). «A brief history of spa therapy». Annals of the Rheumatic Diseases 61 (3): 273–275. PMC 1754027. PMID 11830439. doi:10.1136/ard.61.3.273.
- ↑ «A History of Geothermal Energy in America». U.S. Department of Energy Efficiency and Renewable Energy. Henta 30. oktober 2020.