Vasstro

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hestebrønn på Nordfjord Folkemuseum, opphavleg frå strekninga mellom Sandane og Reed.

Vasstro, hestebrønn eller hestebrye var eit drikkekar som var sett opp langs vegen for at hestar skulle kunne få vatn. Brønnane var ofte laga av ein uthola stein eller tømmerstokk, og plassert slik at friskt vatn frå elvar eller bekkar kunne kome til. Brønnane måtte vere lett tilgjengelege for hestane langs vegen.

God vatnforsyning for hestane var naudsynt i den tida då hesten var det viktigaste framkomstmiddelet. Det vart lagt til rette for hesteskyss langs vegane ved å byggje mange vasspostar, vasstrør eller hestebrønnar. Langs viktige skyssruter, som til dømes Den trondhjemske postvei, finn ein mange hestebrønnar.

Ordsoge[endre | endre wikiteksten]

Ordet vasstro har opphav i norrønt þró; opphavleg truleg 'kløyvd stokk'. Nemninga vasstrør (fleirtal av vasstro) blir òg brukt om vassrenner, gjerne laga av kløyvde og uthola stokkar.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]