Den trondhjemske postvei

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Den Trondhjemske postvei i Åsane. I framgrunnen er Langavatnet
Foto: Svein Harkestad

Den trondhjemske postvei er ein kulturhistorisk veg på om lag 700 km. Arbeidet med vegen byrja i 1780 og varte til 1804. Vegen vart brukt til postgang langs Vestlandet mellom Bergen og Trondheim.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Hellesylt på byrjinga av 1800-talet framstilt av Jacob Calmeyer, her kom postvegen ned dalen og fortsette i båt utetter fjorden.

Postvesenet i Noreg vart oppretta av Christian IV i 1647. Ordninga vart skipa av statthaldar Hannibal Sehested og førte til trong for faste postvegar og -ruter mellom dei største byane. Fram til 1719 var postvesenet privat og hadde få postruter. Frå Bergen var i byrjinga berre postvegsamband til Christiania. Frå 1719 overtok staten og i 1758 kom det ein ny forordning der det vart stilt større krav til standarden på vegane.[1] Ved kongeleg forordning av 1786 vart det fastlagt ei postrute med postang kvar veke mellom det som den gongen var landets to største byar, Bergen og Trondheim. Frå 1786 gjekk det også fast rute til Stavanger.

Postvegen gjekk dels langs i same trase som eldre vegar. Det vart også laga nye vegparsellar etter den tids vegbyggingsprinsipp, det franske prinsippet, med mest mogleg rette vegar. Vegingeniørar stakk ut veglinene og bøndene utførte sjølv byggjearbeidet. Vegen vart i utgangspunktet bygd som køyreveg (vognbreidde) på 3,7 m, sjølv om køyretøy med hjul var lite brukt på den tida - dei fleste gjekk til fots og enkelte brukte ridehest.[2] Dei nye postvegane frå denne tida medverka til utforminga av eit hovudvegsystem mellom hovudbyane Oslo, Bergen og Trondheim og hovudstaden København. Kring 1850 er usamanhengande delar av postvegen medrekna i det køyrbare hovudvegnettet.[3]

Langs postvegen var det lønna postbøndene som stod for arbeidet, dei fekk også fritak frå militærteneste og andre plikter.[4] Det var også utpeika eigne «postopneri» som sytte for fordelinga av posten i sitt distrikt. Til dømes var det på Hellesylt postopneri for Norddal prestegjeld som då omfatta både noverande Norddal kommune og Sunnylven med Geiranger. Presten som held til i Norddal henta posten på Hellesylt ved tenestereiser dit, ein gong i månaden eller annakvar månad.[5]

Trase[endre | endre wikiteksten]

Posten vart frakta ned bakkane frå Utvikfjellet og rodd inn Innvikfjorden og Faleidfjorden til Faleide.

Frå Bergen gjekk vegen Sandviken-Munkebotn-Eidsvåg-Åsane-Rimmaskaret-Hordvik.[6][7] Frå Hordvik gjekk posten med båt over fjorden, gjennom Lindås til Gulen og Rutledal ved Sognefjorden. Deretter gjekk posten med båt over Sognefjorden til Leirvik i Hyllestad, vidare over land via Leirvik, Flekke, Dale i Fjaler og Bygstad til Førde vidare til Gloppen og over Utvikfjellet til Nordfjord.[8][9] Frå Utvik gjekk posten langs fjorden til Faleide, til fots over Markane til Grodås i Hornindal og vidare langs dalføret over fylkesgrensa til Hellesylt.[10] I Nordfjord vart det omkring 1800 bygd fleire bruer langs vegen, mellom anna den store Horndøla bru som vart brukt som køyrebru til 1971.[11]

Frå Hellesylt gjekk posten med robåt til Nedre Ljøen ved Sunnylvsfjorden der postbonden bar postsekken over Ljøfjellet til Stranda. Frå Stranda gjekk posten med båt langs Storfjorden heilt ut til Amdam der den gjekk over land nokre kilometer til Sjøholt og vidare over Ørskogfjellet (som dagens E39/E136) til Vestnes.[12] Posten gjekk med båt over Romsdalsfjorden til Molde og vidare via Angvik, Tingvoll, Surnadalen og Orkanger til Trondheim.[13]

Postvegen var den første opparbeida ferdselsvegen frå indre Nordfjord til Sunnmøre. Dagens fylkesveg 60 mellom Nordfjord og Stranda følgjer om lag same trase som postvegen. Traseen om Hornindal og Hellesylt var langt unna for dei meir sentrale stadane Nordfjordeid og Volda (der embetsmennene held til), og hovudruta vart etterkvart lagt lengre ut i Nordfjord og søre Sunnmøre om lag der E39 går i dag.[14] Frå 1867 var postruta over land lagt ned og posten vart i hovudsak sendt med dampbåt frå Bergen til Ålesund. Den indre ruta frå Faleide til Hellesylt var likevel i bruk til 1912.[15]

Nasjonal verneplan for vegar, bruer og vegrelaterte kulturminne[endre | endre wikiteksten]

Store delar av postvegen er teken vare på. I nasjonal verneplan for veger, bruer og vegrelaterte kulturminner er tre parsellar valt ut i tre fylke som skal representere den 695 km lange vegstrekninga, inkludert 150 km kryssing av fjordar og vatn. Parsellane går gjennom ulike slag landskap og dei skal vise utforminga postvegen fekk:

  • I Sogn og Fjordane gjeld det strekninga mellom Postvåg i Halsvik og Rutledal i Gulen. Denne strekninga går 13 km på land og omkring 20 km over fjorden. Strekninga går frå Halsvik over Eide, Haveland steinkvelvbru, steinhellebruene Nordgulen bru og Trangane bru og Rutledal postkai. Vegen vart bygd i 1806, hellebruene 1800 og Haveland steinkvelvbru vart bygd i 1913.[17]
  • I Hordaland gjeld det ei 8 km lang strekning i Lindås: Trælevikjæ, Nesfossen, Vågseidet, Hundvin steinkvelvbru, Hundvin og steinhellebruene Hetlehovde bru og Gaulen bru. Vegen og dei to hellebruene vart bygd i 1800. Hundvin steinkvelvbru var ferdig i i 1912.[18]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. [url= http://www.bt.no/lokallokal/asane/article358201.ece BT: Den Trondhjemske Postvei] lese på nett 25. april 2009]]
  2. http://www.digitaltfortalt.no/show_single.aspx?art_id=115458
  3. Innenlands samferdsel i Norge siden 1800, del 1: Demring. Redigert av Dag Bjørnland. Oslo: Grøndahl.
  4. Innenlands samferdsel i Norge siden 1800, del 1: Demring. Redigert av Dag Bjørnland. Oslo: Grøndahl.
  5. Kleiva, Ivar (1976): Grunn og gror. Norddal bygdebøker. Valldal: Norddal kommune.
  6. http://www.bt.no/lokallokal/arnaogosteroy/turtips/Postveien-nordfra-til-Bergen-1861195.html
  7. http://www.bt.no/nyheter/lokalt/Dalabygda-1847292.html
  8. NRK fylkesleksikon for Sogn og Fjordane http://www.nrk.no/sf/leksikon/index.php/Den_Trondhjemske_Postvei_i_Hyllestad lest på nett 14.12.2012
  9. http://snl.no/Den_Trondhjemske_postvei
  10. http://www.nrk.no/sf/leksikon/index.php/Gamle_ferdslevegar
  11. *Tomasgard, Paul O. (2001): Honndøla bru. Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane lese på nett 29. mars 2013.
  12. Stranda kommunes nettsider: Den Trondhjemske postveg. https://www.stranda.kommune.no/artikkel.aspx?AId=191&mid1=954 lese på nett 14.12.2012.
  13. http://snl.no/Den_Trondhjemske_postvei
  14. http://www.nrk.no/sf/leksikon/index.php/Den_Trondhjemske_Postvei_i_Stryn
  15. Fylkesarkivet SF: Den Trondhjemske postvei - frå Utvik til Sunnmøre.
  16. Nasjonal verneplan for veger, bruer og vegrelaterte kulturminner (avsnitt 145 Trondhjemske Postvei)
  17. Nasjonal verneplan for veger, bruer og vegrelaterte kulturminner (avsnitt 156 Trondhjemske Postvei)
  18. Nasjonal verneplan for veger, bruer og vegrelaterte kulturminner (avsnitt 164 Trondhjemske Postvei)