Vatsja

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Vatsja
Utspring Ved samanløpet til Sjiralasjka reka og Bjunovska reka
Munning Maritsa
Land i nedslagsfelt Bulgaria
Lengd 105 km

Vatsja (Въча) er ei elv sør i Bulgaria, og ein av dei største sideelvane til Maritsa. Ho er 105 km lang og har kjelda si der elvane Sjiralasjka reka og Bjunovska reka renn i hop. Elva passerer gjennom demningane Kritsjim og Vatsja, som gjev drikkevatn til Plovdiv og slettene rundt. Vatsja renn vidare gjennom Rodopifjella, og dannar ein djup dal der dei to demningane ligg. Ein viktig by i dalen er Devin.

Vatsja er den nest lengste elva som har sitt utspring i Rodopifjella etter Arda. Elva renn ikkje nær nokre industriområde, og har derfor klårt og reint vatn.