Vegar Gjermundstad
|
| |||
| Personleg informasjon | |||
|---|---|---|---|
| Fullt namn | Vegar Heggenes Gjermundstad | ||
| Fødd | 14. mars 1990 (35 år) | ||
| Fødestad | Vadheim | ||
| Høgd | 193 cm | ||
| Posisjon | Forsvarsspelar | ||
| Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Førde Fotball | ||
| Nummer | 37 | ||
| Ungdomsklubbar | |||
|
| |||
| Seniorkarriere* | |||
| År | Lag | Kampar (Mål) | |
| 2008-10 2010-2012 2012-2013 2013 - |
|
27 (1) 17 (0)[1] 4 6 (0) | |
| * Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 05. Juni 2013 | |||
Vegar Heggenes Gjermundstad (fødd 14. mars 1990) er ein norsk fotballspelar som i 2011 spelte som midtstoppar for Sogndal i den norske Tippeligaen. Han spelar no for Førde Fotball.
Gjermundstad kjem frå Vadheim i Høyanger kommune. Han debuterte for Lyn i Tippeligaen med eit innhopp mot Strømsgodset 19. april 2009. Han etablerte seg som fast midtstoppar for Lyn saman med Mads Dahm i 09-sesongen då Tommy Berntsen var mykje skada og Indriði Sigurðsson blei selt til Viking i august. Gjermundstad tok nivået godt og enda på 17 tippeligakampar i 2009. 7. januar 2010 kunngjorde Lyn at Gjermundstad hadde signert ein kontrakt som batt han til klubben ut 2011. Den første skåringa hans for Lyn kom i 3-2-sigeren over Moss 1. mai 2010. Etter at Lyn gjekk konkurs og Gjermundstad sin kontrakt med klubben dermed blei oppheva, vende han attende til heimfylket og skreiv under for Sogndal i juli 2010. Han blei speleklar for Sogndal frå 1. august.
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Sogndal Fotball sine nettsider Arkivert 2010-08-22 ved Wayback Machine.
- NRK Sogn og Fjordane - Gjermundstad frå eliteserien til 2. divisjon for Førde
- Denne artikkelen er dels basert på ei omsetjing frå bokmålswikipediaen 11. april 2011