Verbum Forlag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Verbum)
Gå til: navigering, søk

Verbum Forlag vart stifta 26. april 1820 under namnet Selskabet for Christelige Underviisnings- og Andagts-bøkers Udgivelse, etter kvart avkorta til Andaktsbokselskapet. Forlaget sprang ut av Det Norske Bibelselskap som vart stifta fire år tidlegare, i 1816. Bibelselskapet hadde som formål «at fremme den hellige Skrifts utbredelse» og «den evangeliske Religions Forkyndelse». For dette formålet utgav de ABC-ar, katekismer, salmebøker og bøker til «huslig andagts fremme».

Andaktsbokselskapet hadde alt frå starten fleire salssuksessar, blant dei viktigaste var Pontoppidans katekismeforklaring som i perioden 1828-38 vart seld i 47 000 eksemplar og Luthers lille katekisme som frå 1826-38 vart seld i 37 000 eksemplar.

Rundt 1900 vart etterspørselen etter andaktslitteratur mindre, og skiljet mellom Andaktsbokselskapet og Bibelselskapet vart nesten borte. Men i 1920 valde Bibelselskapet å spesialisere seg på berre å utgje Biblar, og då vart Andakstbokselskapet skilt ut som eit eige forlag. Sidan har det vore i kontinuerleg drift, under ulike namn. Namnet Verbum Forlag har vore i bruk sidan 1985.

Blant dei viktigaste utgjevingane frå nyare tid er Norsk salmebok (1985) og Salmer 1997. Forlaget gjev årleg ut 20 - 30 titlar.

I 1998 vart vedtektene endra, slik at forlaget no ikkje lenger er luthersk, men tverrkyrkjeleg. Forlaget er medlem av Forleggerforeningen. Forlagssjef er Anne Veiteberg.

Etter 190 år vart Verbum Forlag ved årsskiftet 2010/2011 atter sameina med Det Norske Bibelselskap.

Kjelder:[endre | endre wikiteksten]