Verdsbilete

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Eit verdsbilete er eit populært omgrep for den samla førestillinga til mennesket om verda, jorda, og kva rolle menneskeheita har innafor og i forhold til det.

Utviklinga av det astronomiske verdsbiletet har gjennom historia vore prega av store motsetnader. Hos dei første menneska var det eit antroposentrisk syn, der det var observatøren som stod i sentrum. Dei gamle egyptarane og babylonarane, som gjorde nøyaktige målingar av himmelen, hadde eit liknande syn, og prøvde ikkje å forklare det dei såg på himmelen.

Det var dei greske filosofane og naturforskarane i oldtida som først prøvde å forstå korleis og kvifor dei forskjellige himmelfenomena oppstår. Dei hadde eit geosentrisk verdsbilete, òg kalla det ptolemaiske verdssystemet, der jorda var i sentrum for alt.

Nikolaus Kopernikus erstatta det geosentriske verdsbiletet med det heilosentriske verdsbiletet, eller det kopernikanske verdssystemet, der sola var sentrum i universet som planetane krinsar rundt. Ideane til Kopernikus var alt blitt hevda av grekaraen Aristarkhos (310–230 f.Kr.), men utan å finne noko vidare forståing. I 1750 forklarte Thomas Wright at sola stod i sentrum av Mjølkevegen, i eit skiveforma system av stjerner. Dette synet heldt seg til 1917, då Harlow Shapley ut frå fordelinga av stjernehopane synte at sola langt i frå var sentral, men heller i utkanten av systemet. Det er ingenting som sæpregar sola, ho er berre ei av mange milliardar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]