Vere

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

I filosofien er det å vere granskingsobjektet til metafysikken, meir spesifikt ontologien. Vi kan forstå det å vere ein predikativ eigenskap ved noko som kan seiast å vere; dette står i motsetnad til ikkje-tilvære, som er ein eigenskap ved det som ikkje er til.

På norsk, så vel som i dei aller fleste språk vi kjenner til i dag, finst det eit verb vere (proto-indoeuropeisk stamme *h1es-). Dette verbet kan uttrykkje at noko har eksistens, og er i så fall intransitivt, men fungerer òg i transitiv form som kopula (bindelekk): «Mari er høg» inneber ikkje at Mari eksisterer (logikken som er innebygd i daglegspråket vil som regel likevel medføre at vi kan utleie dette om vi vil), men at éin kvalitet ved Mari er at ho har høgd (ei vanleg tolking vil vidare vere at ho har dette i større mon enn andre vi samanliknar henne med).