Veronica Guerin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Veronica Guerin
Veronica Guerin 1.jpg
Fødd 5. juli 1958
Dublin
Død

26. juni 1996
M7 motorway

Yrke rekneskapsførar, journalist, skribent, fotballspelar
Veronica Guerin på Commons

Veronica Guerin (5. juli 195826. juni 1996) var ein irsk journalist som blei drepen i arbeidet.

Guerin var student ved Trinity College i Dublin der ho studerte rekneskap. Mellom 1983 og 1984 verka ho som sekretær for partiet Fianna Fáil i New Ireland Forum. Ho begynte å jobba som journalist i 1990, og skreiv for avisene Sunday Business Post og Sunday Tribune. I 1994 tok ho til å dekka kriminalitet i Irland for Sunday Independent. Som følgje av dette fekk ho fleire drapstruslar.

I desember 1995 blei Guerin tildelt International Press Freedom Award av pressefridomsorganisasjonen Committee to Protect Journalists.[1]

26. juni 1996 vart Veronica Guerin drepen med fleire skot av ein passasjer på ein motorsykkel medan bilen hennar stoppa for eit traffiklys.[2] Hendinga skapte sterke kjensler på Irland, og blei erklært eit «åtak på demokratiet» av den irske regjeringssjefen John Bruton.[2]

Filmen Veronica Guerin som bygde på livet hennar vart laga i 2003. Cate Blanchett hadde hovudrolla.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. "Veronica Guerin". Gale Encyclopedia of Biography at Answers.com. Retrieved 2 August 2012.
  2. 2,0 2,1 Henry McDonald (9. april 2006). «10 years later, still no peace for Veronica Guerin». The Guardian. Henta 17. juli 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]